AddToAny

- Ei voodoo-heks med machete kravde 1000 dollar etter eit intervju. Da skjedde det som kun skjer på film

Kjetil Iden leier TV 2-nyheitene julaftan, men har opplevd rarare ting enn som så.
I spalta Morgenrutinen stiller Journalisten dei same spørsmåla til ei rekke personar som er tett på mediebransjen.

Her kan du lese fleire morgonrutinar.

Kjetil Iden er utanriksreporter i TV 2. Julaftan leier han nyheitssendingane på kanalen.

- Kaffi eller te?

- Svart kaffi om morgonen.

- Kva har du på nattbordet?

- Ingenting. Soverommet er til for to ting, og lesing er ikkje ein av dei.

- Men på bokmenyen for tida står Dickens' Hard Times, som eg les på ny etter å ha hatt den på pensum på engelskstudier på Universitetet i Bergen på tidleg 90-tall, samt Øst for Eden av John Steinbeck. Dei kompletterer kvarande bra i forhold til det evige spørsmål om arv og miljø. Andrew Marr si gjennomgang av britisk historie har også blitt bladd raskt gjennom no før parlamentsvalet.

- Dessutan les eg Asbjørn Bakke sin briljante Erik Bye-biografi i badekaret. For andre gang.

- Når om morgonen startar hovudet å tenkja jobb, og kva medium må du innom?

- Sidan eg jobbar turnus i tillegg til å reise ein del, er kvar dag unik. Men dei siste 20 åra har jo morgonen oftast handla om å få klær på barn, og å smøre matpakker. Men som mange andre kollegaer er det vel eit litt for lite skille mellom jobb og privatliv.

- Kva slags overskrift skulle du ynska du såg på trykk i dag?

- Klimakrisa avblåst - verdsleiarane samde.

- Kor leitar du etter gode saker?

- Som utanriksreporter er tema ofte gitt, enten du jobbar desk eller er sendt på eit oppdrag. Kunsten er å spele seg sjølv og fotografen i ein posisjon der vi kan lage godt og meiningsfullt tv. Gode saker kjem ved å lytte til folk. Helst såkalla «vanlege» folk.

- Om du kunne velja kven som helst, kven har du mest lyst til å intervjua andlet til andlet, og kvifor?

- Greta Thunberg hadde jo vore interessant å prate med på grunn av den enorme påverknadskrafta ho har på svært mange.

- Kva er den viktigaste eigenskapen din som journalist, og korleis brukar du den?

- Likar å tru at kombinasjonen av ein dæsj kreativitet para med fagkunnskap kan lage relativt bra tv av til dels kompliserte samanhengar. Det er i alle fall ambisjonen.

Dagen etter brexit-avstemminga i 2016 laga Iden brexit-sak på deltakarane i Pride London-paraden. Foto: Lars Christian Økland / TV 2

- Kva er det gøyaste eller raraste du har opplevd i jobben?

- Det gøyaste var kanskje då eg og fotografen sneik oss inn på «Global Citizen»-konserten i Central Park 2015. Vi hadde verken billett eller akkreditering, så det skulle eigentleg være fullstendig umogleg. Første hinder blei passert då vi saman med bandet til Beyoncé spaserte rett forbi ytre politiring, med kamerastativ og utstyr. Så passa vi på å kaste oss midt inn i entouragen til statsminister Erna Solberg, og unngå augekontakt med Secret Service. Vi durte rett inn til alle verdsstjernene; Malala, Chris Martin, Ed Sheeran og Michelle Obama. Morsomt då Erna traff FN sin generalsekretær Ban Ki-moon bak scena. - Skal vi danse? sa Erna på spøk. Ban bleikna, snurra rundt på staden og stakk av fortare enn du fekk sagt rhumba med Gunn.

- Til Secret Service' store fortviling bestemte den norske statsministeren seg for å oppleve konserten midt ut blant dei 30.000 som hadde møtt opp. Vi var som eit langt jenka-tog ut i folkemengda. Der sto vi. Erna og familien, PST og Secret Service som fortvila måtte bruke blinkande lommelykter til å kommunisere med i støyen. Medan marihuana-røyken låg tung over oss og Beyoncé sang All the single ladies. Erna og Sindre svingte med.

- Det raraste var kanskje då ei voodoo-heks på Haiti, full etter å ha drukke whiskey med øyra (!) og som røkte fire sigarettar på ein gang, slo meg med machete over brystet og ryggen. Vi var langt inne i slummen i Port-au-Prince, og ho krevde tusen dollar for å ha snakka med oss om jordskjelvet i 2010. Inga underdriving å sei eg og fotografen var litt bleik og sveitt. Den 16 år gamle jenta som fungerte som tolk var også til lite hjelp. Eg sat på ein plaststol, i eit murlokale med ulike voodoo-veggmaleri, omgitt av ei gruppe tause menn og heksa som meir og meir opphissa vagga rundt med macheten, og som slo meg med den i brystet og ryggen. 1000 dollar var kravet frå åndeverda!

- Plutseleg gjekk døra opp, og sjåføren vår, Vladimir, som hadde vokta bilen, dukka opp. Han las situasjonen umiddelbart. Så skjedde det som kun skjer på film. Vladimir løfta handa mot himmelen, og kjørte full «i Jesu'-navn-jeg-binder-deg-pakke». Det funka som ei kule.

- Kva journalistisk arbeid inspirerte deg sist, og kvifor?

- DN-artikkelen om Nato som den dysfunksjonelle familien. Lars Backe Madsen har ein gudebenåda penn og hans saker er åleine verdt abonnementet.

- Kva irriterer deg aller mest med norske media?

- At nesten alle er enige og spring i samme retning. Heilt til alle spring i den andre retningen. Det skjer heile tida.

- Kva er den største utfordringa akkurat no, for mediebransjen generelt og der du jobbar?

- Finne ein måte å fortelle historiar om samtida vår som også ungdom opplever relevant. I TV 2 syns eg det er mykje fryd og også ein god del gammen for tida.

- Kva bilete eller video fekk deg sist til å stogga opp?

- Facebook og Twitter flommar jo over av bilder som får deg til å kaste vekk fem minutter. Var på Newseum-museet i Washington D.C i fjor på denne tida, og såg heile Pulitzer-samlinga deira. Det gjorde inntrykk. Neste gang du har lyst til å klikke på eit viral-bilde bør du heller bruke tida til å gå inn og studere minst ein Pulitzer-vinnar og lese om konteksten.

- Kva er det lengste du har klart å vera utan mobilen?

- Muligens på ein 33 timar langtur i fjella mellom Voss og Bergen i sommar. Journalistar bør heller lese fleire bøker og prate med folk i lokalsamfunnet enn å være på mobilen.

- Når loggar du av for kvelden?

- På jobbreise loggar eg aldri av. Heime? Oftare og oftare. Alt for masse overflødig informasjon.

- Kva tenkjer du om å bruke julaftan i TV 2-studio?

- Med små barn i mange år har eg stort sett sluppe unna på julaftan, så at eg i år må stille opp er heilt greitt. Og så er eg så heldig at storfamilien ventar med middagen til eg kjem heim til jul.

Image-text:

Kjetil Iden i Yorkshire på reportasjereise før parlamentsvalet. Foto: Elias Engevik / TV 2

Les mer

Flere saker fra Journalisten

Spalten uttrykker skribentens egne synspunkter. «Gidske Olivia Anderson var ikke et ønsket barn.» Slik starter Alf Ole Ask og Elin Sørsdahls bok ...
Journalisten 28.09.2023
Amedia og Schibsted har signert en intensjonsavtale for å sikre videre distribusjon av papiraviser og pakker, seks dager i uken, i en så stor geografi ...
Journalisten 27.09.2023
Document brøt Vær varsom-plakatens punkt 4.3 om å vise respekt for menneskers egenart og etnisitet.
Journalisten 27.09.2023
Avisa Norge IDAG ble felt av Pressens Faglige Utvalg (PFU) da utvalget behandlet to klager mot samme artikkel i avisa under møtet onsdag 27. ...
Journalisten 27.09.2023
Avisa Nordland gikk fri i Pressens Faglige Utvalg (PFU) onsdag, etter å ha bli klaget inn av tre medlemmer av Rødt Bodø.
Journalisten 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt