Forskerforum
29.08.2016
- Forskarane må basere seg på systematiske undersøkingar og empiri. Men mange av argumenta vi blir møtte med, er ikkje baserte på vitskap.
K or mykje sild er det i havet? Sanninga er her ute, men ho er vanskeleg å finne. Vi er i ope hav, kring 300 kilometer utanfor Midt-Noreg, på det årlege Økosystemtoktet til Havforskingsinstituttet (HI). Ein helsesjekk for Norskehavet, frå Stad i søraust til Island i vest og Svalbard i nord. Forskarane måler temperatur og saltinnhald og tek planktonprøver med håv, men mest handlar det om fisk. Korleis står det til med silda, makrellen og kolmulen, dei tre viktigaste fiskeartane i Norskehavet? Og korleis er framtidsutsiktene? Havforskarar har streva med desse spørsmåla i over hundre år. Johan Hjort, den store havforskaren som har lånt namnet sitt til skipet vi er på, prøvde å forstå svingingane i sildebestanden tidleg på 1900-talet. Enno er ikkje gåta løyst.
- Vi har ikkje kome så veldig mykje lenger sidan Johan Hjort si tid når det gjeld å føreseie tilveksten i fiskebestandane, seier toktleiar Are Salthaug.
- Vi har betre oseanografiske modellar, vi har fått mykje datakraft og langt meir empiri. Men biologien er meir kompleks enn modellane klarer å fange inn.
Krympande stamme Sjølv det å måle fiskebestandar i notid er vanskeleg nok. For tida stridest forskarar og fiskarar om bestanden av norsk vårgytande sild (kalla NVG-sild, sjå eiga ramme). Denne sildestammen lever det meste av livet sitt i Norskehavet, og er særs vanskeleg å måle. NVG-silda kan gyte frå Troms til Lindesnes, ho kan spreie seg utover heile havet og klumpe seg saman i fjordane, og ho kan brått endre vandringsmønster. Og Norskehavet er over tre gonger større enn det norske fastlandet.
Dette er i gode år den største sildestammen i verda og den største fiskebestanden nord i Atlanterhavet. Men rekrutteringa har lenge vore svak. I 2009 anslo forskarane ved HI at gytebestanden var kring 13 millionar tonn, no meiner dei at bestanden er nede i fire millionar tonn.
Men sildefiskarane meiner at det er langt meir sild i havet, og at kvotane burde aukast. Usemja har ført til den mest alvorlege konflikten mellom fiskarar og havforskarar i Noreg på mange år. Den kjem vi attende til.
Eg er på havet for å sjå korleis forskarane måler sildebestanden. Det er første veka av det 40 dagar lange toktet til «Johan Hjort», ei reise på nesten 5000 kilometer i mai og juni, att og fram over Norskehavet langs ei fast rute. Også forskingsfarty frå Russland, Island, Færøyane og Danmark har ansvar for delar av havet. Alle fartya registrerer fisken på strekningane sine ved hjelp av ekkolodd. Dette er eit viktig grunnlag for bestandsestimata for NVG-silda, saman med gytetokt på vinteren og fangstdata frå fiskeria.
Å lese ei sild Både eg og sjøfuglane følgjer spent med når vinsjen halar trålposen opp på dekket akterut på «Johan Hjort». På desse tokta skal ein helst gjere fire-fem trålhal i døgnet, for å sjekke kva fiskeslag ekkoloddet har fanga opp. Dette vesle prøvehalet inneheld krin
Gå til mediet- Vi har ikkje kome så veldig mykje lenger sidan Johan Hjort si tid når det gjeld å føreseie tilveksten i fiskebestandane, seier toktleiar Are Salthaug.