Universitetsavisa
16.10.2017
Kontoret er staden eg bur som akademikar. Det er basen eg vender attende til etter prosjektarbeid med studentar i Koopen og møte med kollegaer, skriv Lars Magne Lundheim i dette innlegget. Det finst visstnok folk som tenkjer med hovudet.
Eg meiner, berre med hovudet. Visstnok.
Les merEg tenkjer med heile meg. Eg tenkjer med hendene. Og augo, når tanken tek ein sving innom notatblokka eller tavla eller, som nett no, PC-skjermen.
Og eg tenkjer med føtene og heile kroppen når eg forlet kontoret for å ta ein tur bortom biblioteket. Då hender det eg snur, fordi eit svar på det eg lurer på dukkar opp i tanken før eg er framme. Eller eit nytt spørsmål. Attende på kontoret gjeng eg til ei av hylle

































































































