kommunikasjonsrådgiver En artikkel fra Universitetet i Agder
Han ser på psykisk helse som langt meir enn sjelelivet og tankane til den enkelte.
- Det dreiar seg om samspel mellom folk, seier Tore Dag Bøe, førsteamanuensis ved Universitetet i Agder (UiA).
Han har nyleg disputert for doktorgraden i psykisk helsearbeid. Her viser han fram ein ny metode som skil seg frå tradisjonelle psykoterapeutiske metodar.
Medan det i psykoterapien vert arbeidd med å gi pasienten innsikt i seg sjølv og livssituasjonen sin, har Bøe undersøkt ein arbeidsmåte han kallar dialogisk praksis, der familie og venner vert invitert til samtale med ho eller han som slit med å finne seg heime blant folk.
- Endring til det betre skjer i samtale mellom folk. Oppgåva til psykiske helsetenester blir da å leggje til rette for ein open dialog som ikkje har som mål å endre noko inni den enkelte. Eg kallar det livgivande dialog når alle får kome til orde, seier Bøe.
Kroppen vel så viktig som språket
Han understrekar at denne typen samtale ikkje dreiar seg om å forstå ei sak, men at dialog er ein måte å vere saman på. Det kroppslege samspelet er vel så viktig som det å fin


































































































