AddToAny

Driv samdrifta som anna nær ingsliv

Driv samdrifta som anna nær ingsliv
Mjølkesamdrifta blir driven og styrt etter same modell som anna næringsliv. Det gjer Straumsnes Mjølk og Kjøt DA (SMOK) i Fjaler så bra at dei fekk BU-prisen for Sogn og Fjordane i fjor. Kjartan Åsnes

Tre produsentar skipa SMOK i 2007. Alle tre hadde driftsbygningar som var modne for mykje vedlikehald, og dette var anledninga til å byggje nytt fjøs. Dei er framleis tre deltakarar etter generasjonsskifte på ein av gardane. Kjartan Åsnes er dagleg leiar, og Ole Jakob Nedrebø og Hilde Åsnes er aktive på deltid. Dei har kvote på 430 tonn og ca. 45 årskyr.

- Vi hadde kvote på 260 tonn då vi starta, og kjøpte oss opp etter kvart. Men vi stoppa då prisen bikka ti kroner literen, seier Kjartan.

Vann med samarbeid

Det var han som tok initiativ til eit møte med alle dei seks mjølkebøndene i bygda. Alle vart med på ein prat, sjølv om det var avgrensing på fem deltakarar i ei samdrift. Det var viktig at alle var med, men etter eit drygt år med planlegging enda vi opp med tre deltakarar.

- Bygda har felles reiskapslag, så dei var vane med å samarbeide. Men det er meir forpliktande i ei samdrift, seier Kjartan Åsnes.

- Det var fleire samdrifter tidlegare, delvis motivert av støtte. Vi ser det som ein fin måte å halde oppe drifta i eit bygdesamfunn, og til å produsere mat på areala, sjølv om færre har inntekter, seier han.

Det løyser også ferie- og fritidsproblem, meiner samdriftsbonden.

- Eg hadde ikkje vore bonde utan samdrifta. Ingen vil overta ein gard for å jobbe 350 dagar i året. Samdrift passar ikkje for alle, men det er verdt tanken å gå inn i ein prosess som vi gjorde.

Driv 14 bruk

To av deltakarane driv grovfôrproduksjon, og lengjer jord av den tredje. Fôret sel dei til samdrifta. Storparten blir hausta med rundballepresse, men nokre skifte er så bratte at dei nyttar fôrha

Gå til mediet

Flere saker fra Bondebladet

Vi har nærmere 100 sneglearter i Norge. De fleste av disse har hus. Rundt 20 prosent er fremmede arter som ikke finnes naturlig i Norge. Kilde: Nibio
Bondebladet 02.05.2024
Del dine beste bilder med Bondebladets lesere på Instagram. Velg «Tagg personer» i Instagram, klikk på bildet og legg til bondebladet eller send bildet til redaksjonen@bondebladet.no
Bondebladet 02.05.2024
For 15. gang skal McDonald's, Felleskjøpet og Norges Bygdeungdomslag kåre Årets unge bonde.
Bondebladet 02.05.2024
Gartnerhallen skal tilrettelegge slik at du som grøntprodusent har de beste forutsetningene for å lykkes, selv med en omverden i rask endring.
Bondebladet 02.05.2024
Arnstein og Solbjørg Hoseth Kulseth investerer 9,5 millioner kroner i nytt hønsehus, og skal gjøre hobbysmåbruket i Stjørdal til levebrød.
Bondebladet 02.05.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt