forskningsformidler En artikkel fra Vestlandsforsking
TV-bileta var nesten utrulege. Hus etter hus rasa på elva, bruer forsvann. Flaumen som råka Vestlandet i slutten av oktober 2014 sjokkerte mange, ikkje minst alle som såg heimen sin forsvinne med elvevatnet.
På Voss og i Lærdal gjorde vatnet òg skade på måtar ingen hadde forventa. I flaumsikra nybygg og i frukthagar langt frå hovudvassdraget. Over heile Vestlandet slukte små og store elvar jord langs løpet sitt. I Odda og Flåmsdalen i Aurland vart 20 hus øydelagde eller totalskadde.
Vestlandsforsking har analysert skadane i dei fire verst råka kommunane for å avgjere om mangelfull planlegging kan ha spelt ei rolle.
Grov vekk grunnen under husa
Det hadde striregna på Vestlandet i fleire dagar då hus og bruer gav etter for frådande elvar, både i Flåmsdalen og i sentrum av Odda, og vart skylte på fjorden av flaumvatnet.
Ut frå dei utrulege skadane var forskarane overraska over kor liten flaumen i Flåmsdalen var. Målt i vassmengd var han ikkje større enn det som er venta med 75 års mellomrom. Men det var ikk


































































































