kommunikasjonsrådgiver En artikkel fra Universitetet i Oslo
- Nok pedagogar er svært viktig for å få gjennomført og planlagt alt det usynlege arbeidet i barnehagen, seier Liv Ingrid Aske Håberg.
Håberg kjem i forskinga si fram til at hierarkiet i barnehagen ikkje er så flatt som det kan sjå ut når foreldra kjem for å hente ungane ein tysdag ettermiddag. Barnehagen blir ofte framstilt som ein organisasjon med flat struktur der barnehagelærarar og assistentar i stor grad utfører same type arbeidsoppgåver.
Doktorgraden til Håberg er no blitt til boka Kvardagslivets didaktikk i barnehagen. Ho fortel at som utanforståande kan ein kome inn i barnehagen, sjå personale i arbeid med praktiske oppgåver og med barna, og ikkje vite om det er ein barnehagelærar eller ein assistent ein observerer.
Men no viser det seg at det kan vere større ulikskap mellom barnehagelærarar og assistentar enn ein tidlegare har gått ut frå.
- Observasjon av det ytre, synlege arbeidet som personalet utfører, kan gi inntrykk av at barnehagen som organisasjon er antihierarkisk og prega av likskap og jamstilling.
Samlingsstund og femårsklubb
Håberg har undersøkt korleis barnehagelærarar og assistentar planlegg, gjen


































































































