Utdanning
10.05.2024
Eg hugsar enno godt reknelæringa frå barneskulen for snart sytti år sidan. Den leikande gleda det var med reknestykka med eple, kirsebær og etter kvart med kroner og øre.
Med pluss og minus - og gonging og deling på neste læretrinn. Og gleda ved «det rette med to strek under», og fliden dei to streka under svaret måtte få til det parallelle med nett passeleg avstand, og det sjølvsagde i den store velforma R-en det fortente frå læraren si hand. Lærebøkene med tilpassa reknestykke til første, andre og tredje klasse rekna eg visst gjennom tre gonger i leikande glede og i harmlaus konkurranse med andre i klassen som hadde same slags glede ved rekninga.
Det var noko
Gå til medietDet var noko


































































































