AddToAny

Det må eit mirakel til!

Det må eit mirakel til!
Tydelegare enn andre politikarar har kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen sagt at det må satsast meir på praktiske fag. Men det må meir til for å sikre handverkskunnskap for kommande generasjonar.
Faglærarutdanninga på Notodden er saman med Faglærarutdanninga i Oslo dei einaste studiestadene i landet som tilbyr ei 3-årig faglærarutdanning i Formgjeving, Kunst og Handverk. Begge studiestadene tilbyr også ein Master på toppen av faglærarutdanninga. Begge studiestadane har siste åra hatt stor nedgang i søkartalet. For studiestad Notodden er søkartalet så lågt at leiinga har vurdert å legge ned studiet. No har likevel Høgskulen i Sørøst-Norge (HSN) gitt oss ein siste sjanse til å lyse ut studiet og skaffe nok studentar for studieåret 2017-2018.

Statens sløyd- og tegnelærerskole starta opp på Notodden i 1938. Skulen skulle gje lærarar eittårig vidareutdanning i sløyd eller teikning. I 1961 vart det oppretta ei toårig utdanning for faglærarar i tresløyd, og i 1962 kom ei line i tekstilforming og ei for metallsløyd. Etter ei stortingsmelding om lærarutdanning i 1965, vart namnet endra til Statens lærerskole i forming, Notodden, SLFN. I Oslo (SLFO) og på Blaker (SLFB) vart det også oppretta formingslærarskular. I 1976 fekk SLFN oppretta eit hovudfagsstudium, i tråd med den nye lærarutdanningslova av 1973. Formingslærarskulen og Notodden offentlege lærarskule vart i 1976 slått saman til ein pedagogisk høgskule, Telemark lærarhøgskole Notodden. Skulen vart ein del av Høgskolen i Telemark (HIT) frå 1994. I 2016 fusjonerte HIT med Høgskulane i Vestfold og Buskerud, til Høgskolen i Sørøst-Norge, HSN. Målet er at HSN skal bli til USN - " Universitetet i Sør-Norge.

Faglærarutdanningane på Notodden og i Oslo utdannar lærarar til breidde- og djupnekunnskap i grunnskulefaget Kunst og Handverk og til faget i vidaregåande skule; Kunst, Design og Arkitektur (studieførebuande) og Design og Handverk (yrkesførebuande). Med berre to utdanningsinstitusjonar i landet som gjev denne 3-årige faglærarutdanninga, skulle ein tru at det var ein stor arbeidsmarknad over heile landet, og at vi hadde fulle klassar. Slik er dessverre ikkje realitetane. I dei 17 år eg har jobba tett opp mot Faglærarutdanninga på Notodden, har vi opplevd ei dramatisk endring i studenttal. I fleire år hadde vi studenttal på over 50, og ein periode var søkarmassen så stabilt stor at vi måtte opprette to parallelle klassar. Dette året er vi nede i 14 studentar, og fleire av desse er berre årsstudentar. Høgskulen i Oslo har naturleg nok større nedslagsfelt og fleire studentar på Faglærarutdanninga, men også der er nedgangen dramatisk. Det er ei svært usikke

Les mer

Flere saker fra Utdanning

-I Fellesskoleutvalget diskuterte vi ikke om en test er feil eller bedre enn en annen, men vi var genuint nysgjerrige på hvorfor disse testene kommer til to litt ulike svar.
Utdanning 09.10.2026
Hasten ar f«r. og rned den faigar for mange an attaclengtet pause. Dec ar (kka Iangtdutrengardre4$« Farduer dakket av v&r fvsikretg, En tor i skogart eflari ^ l a t .
Utdanning 09.10.2026
- Edith det ene så e' det det andre! Det indreekko av Ediths selvbebreidelse var der igjen.Da skjedde det.Fra skogen kom gitarspill. Nakne toner, varme som ulltepper.
Utdanning 09.10.2026
Hjerneforskning kan ikke fortelle hva lærere bør gjøre i klasserom met og hvordan skolen bør organiseres.
Utdanning 09.10.2026
For noen år siden hadde Oda Vige Helle en elev i norsk som trosset dysleksien og jobbet knallhardt. Likevel lå hun en del hakk under de ambisiøse målene sine.
Utdanning 09.10.2026

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt