Bok og bibliotek
05.06.2023
KORG-dagane er nok for dei som jobbar med kunnskapsorganisering omtrent det Oslo Business Forum er for Petter Stordalen og Kristin Skogen Lund.
I bygg P35 på OsloMet torsdag 1. og fredag 2. juni hadde nok mange av dei «beste hodene» fort falle av lasset. Det er ingen vindauge, men led-lampane i taket er plassert akkurat sånn at PowerPoint-ane sildrar kontrastlaust mot oss frå lerretet. Inn i det grå auditoriet når berre lågfrekvent rumling frå trikkane som passerer i sommarsola på Holbergs plass. Likevel, trass i mangelen på glasruter, lys og estetikk blir vindauge etter vindauge opna mot phenomenon-based classification, bibliometri, prompts og tagwrangling.
Les merOver forventing
Kunnskapsorganisasjonsdagane er ein årleg konferanse for bibliotekarar, arkivarar og andre som organiserer kunnskap. Ei av dei er Gro Fauchald. Ho er seniorrådgjevar ved Departementas fellesbibliotek, som bistår departementa og Statsministerens kontor.
Det var programmet som trekte, fortel ho, ikkje minst den aktuelle tematikken om kunstig intelligens.
- Er du nøgd?
- Ja! Konferansen overgår forventingane.
Ho dreg fram den fine oppbygginga av dag to, med meir overordna kunnskap først, i form av generell innføring i A