forskning.no
05.03.2020
KRONIKK: I stadig aukande grad blir undervisning og seminar strøymde. Dette går føre seg med varierande metodar, men den enklaste er å sende opptaka heilt uredigerte ut i verda. Korleis påverkar dette læring?
Fordelane med strøyming er mange, men ein kastar blår i auga på studentar i høgare utdanning om ein let som om det er det same å sjå førelesingane heime som det er å vere til stades i salen saman med dei andre studentane.
Les merEi slik meining står i sterk kontrast til nye tankar og metodar for undervisning som er på veg inn i høgare utdanning, der interaksjon og samarbeid får auka merksemd.
Ho står og i kontrast til underliggjande oppfatningar om korleis læring skjer.
Mange føremoner
Det er sjølvsagt mange føremoner ved strøymde førelesingar, spesielt når det gjeld tilgjengelegheit. Det er ikkje naudsynt å møte fram, og ein unngår lange reisevegar.
Miljøvenleg er det au. Studentar og andre tilhøyrarar kan sjå og høyre på formidlinga eller diskusjonane på det tidspunktet som passar dei, og gjerne fleire gonger om dei skulle ønskje det.
Det er i tillegg billeg for undervisningsinstitusjonane å leggje ut opptak av førelesingane utan


































































































