AddToAny

Derfor seier eg nei til Årets bilde-juryen

Det siste eg vil, er å bidra til at nokon andre får det slik som eg har hatt det.
Dette er eit meiningsinnlegg. Innlegget uttrykkjer skribenten sine eigne synspunkt.

Hallo!

Har du nokon gong kjent deg skikkelig, skikkelig utafor?

Du banker på døra, men ingen opnar.

Du viser fram arbeidene dine, men møter likegyldige blikk? Eller, ingen blikk?

Du står der med greiene dine og fomler og kjenner på at du ikkje er ein ekte fotograf?

(eller forfattar, eller kunstnar, eller birøktar...eller ka det no er du driv med)

Det har eg. Yrket mitt har mykje konkurranse i seg, og det er lett å kjenna seg som ein tapar. Og den offerrolla er skremmande lett å dyrka. Her er ein historie om det:

I min verden, fotoverden, har vi ein konkurranse som heiter Årets bilde. «Den viktigste årlige konkurransen i Norge for dokumentar- og fotojournalistikk», seier dei at det er.

Og det er det.

Eg har sendt inn til denne konkurransen år etter år etter år etter år og aldri blitt nominert. Det svir. Eg kjente liksom på ei slags forventning at eg som norsk fotojournalist burde hevda meg der ein gang eller to i løpet av karrieren (og aller helst som ung!). For det er mange prisar og mange nominasjonar. Det burde vera innafor å oppnå. Eg trudde derfor dette var stempelet for «godkjent fotograf».

Kjensla av utanforskap er skremmande, og koda inn i knollen vår som noko av det farligste eit menneske kan oppleva. Vi er tross alt flokkdyr. Når vi blir utstøtt av flokken, er vi i fare.

Eg kjente meg i fare.

I fotobransjen er det mykje konkuranse, og mange av oss er frilansarar med veldig lav lønn. Synlighet er derfor veldig viktig, fordi det bidreg til oppdrag og inntekt. Så å ikkje få synlighet opplevdes som reell fare.

Å snakka høgt om det turte eg ikkje. For då var eg jo berre ein dårleg tapar som er sur fordi ho ikkje får premie og ikkje unnar andra noko. Djises.

I januar 2022 fikk eg nådestøtet. Då sendte eg inn She Hunts etter 5 års arbeid, og møtte den vanlige stillheten som betyr nei. Eg trur eg grein i tre veker. Så eg bestemte meg. Skal eg vera så hårsår får eg heller halda meg unna. Årets bilde får segla sin eigen sjø. Denne offerrolla får meg absolutt ingen steder, og om det er slik eg skal reagera kvar gong, så må eg berre droppa det. Altså, eg har ikkje tid til å liggja i fosterstilling på badgolvet så lenge. Og heilt ærlig, eg er ikkje noko offer. Eg klarer meg faktisk veldig bra.

CASE CLOSED. Trudde eg.

Men så skjedde dette:

For nokre veker sidan vart eg, litt ut av det blå, spurt om å sitja i juryen som skal bestemma kven som vinner Årets bilde neste år.

Då møtte eg meg sjølv i døra. Og måtte verkeleg tenka hardt. Og svarte til slutt dette:

«Eg synes det er alt for mykje konkurranse i det vesle fotojournalistikk-miljøet vi har her i landet. Siden eg sjølv har utdanna meg i utlandet og mildt sagt kjent meg lite velkomen då eg flytta heim att til Norge, har nok eg kjent ekstra mye på det å bli definert utafor eit miljø. For meg blir Årets bilde berre enno ein instans som definerer kven som er bra nok og kven som ikkje er det. I ærlighetens navn innrømmer eg glatt at eg har sendt inn til konkurransen i ca 10 år og aldri blitt nominert. Det har definitivt opplevdes vanskelig, spesielt sidan ein aldri får noko svar eller utdjuping som kunne bidrege til noko konstruktivt. For nesten eit år sidan bestemte eg meg derfor for å ikkje setja meg sjølv i den situasjonen meir, fordi det som var meint å vera motiverande og gøy, kun oppleves øydeleggjande og demotiverande.»

«Eg blir ikkje nokon betre fotograf av å senda bilder inn i eit svart hol. I stedet for å søka anerkjennelse vil eg heller fokusera på å faktisk utvikla meg som fotograf, og svulstig nok: prøva å vera ein hyggelig og inkluderande fotograf som hjelper kolleger. Og eg kjenner at det siste eg vil, er å bidra til at nokon andre får det slik som eg har hatt det. Derfor ynskjer eg ikkje å sitja i juryen.»

Noreg har nokre få hundre fotografar som jobbar med journalistikk og dokumentar, og et par tusen som skulle ønska dei gjorde det (tal basert på kvalifisert synsing). Det er beinhard konkurranse om spalteplass og oppdrag. Det er nok konkurranse for min del.

Kanskje eg forandrar meining ein dag. Men akkurat no kjentes det veldig feil å vera med og bestemma dette. Det minte meg på kor utrulig vondt det kan opplevast å stå på utsida, og kor hardt den vondten sit i, sjølv lenge etterpå.

Det er bittert å tenka på kor mykje tid eg kunne brukt på å skapa noko, i staden for å surmula.

Derfor har eg lyst å seie til meg sjøl for 20 år sidan, og til alle andre som kunne trengt å høyra det, at:

Du kan vera ein satans god fotograf utan å nokon sinne sjå snurten av ein pris!

Teksten er først publisert som del av Jordals nyheitsbrev. Blir gjengitt med løyve.

Image-text:

Det minte meg på kor utrulig vondt det kan opplevast å stå på utsida, skriv frilansfotograf Ingerid Jordal om å skulle delta i Årets bilde-juryen.

Foto: Marte Vike Arnesen

Les mer

Flere saker fra Journalisten

Spalten uttrykker skribentens egne synspunkter. «Gidske Olivia Anderson var ikke et ønsket barn.» Slik starter Alf Ole Ask og Elin Sørsdahls bok ...
Journalisten 28.09.2023
Amedia og Schibsted har signert en intensjonsavtale for å sikre videre distribusjon av papiraviser og pakker, seks dager i uken, i en så stor geografi ...
Journalisten 27.09.2023
Document brøt Vær varsom-plakatens punkt 4.3 om å vise respekt for menneskers egenart og etnisitet.
Journalisten 27.09.2023
Avisa Norge IDAG ble felt av Pressens Faglige Utvalg (PFU) da utvalget behandlet to klager mot samme artikkel i avisa under møtet onsdag 27. ...
Journalisten 27.09.2023
Avisa Nordland gikk fri i Pressens Faglige Utvalg (PFU) onsdag, etter å ha bli klaget inn av tre medlemmer av Rødt Bodø.
Journalisten 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt