Sykepleien
04.11.2016
Det kan vere freistande å sjå vekk. Innspill Anders Folkestad Skribent, tidligere Unio-leder Sjukepleiarane står dagleg overfor vanskelege val. Det er knapt om både tid og ressursar. Kven eller kva skal eg prioritere?
Er system og praksis som dei bør vere? Helsepersonell har plikt til å melde frå om feil. Men dilemma dukkar opp likevel: Kor alvorleg er det? Skal eg varsle? Blir gode kollegaer ramma? Det kan vere freistande å sjå vekk, vike unna.
Les merOline Hesselberg
Det gjorde ikkje Oline Hesselberg. Sjukepleiaren som for nokre år sidan tok opp uverdige forhold på arbeidsplassen sin, ein privat sjukeheim i Oslo. Den gongen handla det om arbeidsvilkår og om utanlandske tilsette som sov i kjellaren. Ho fekk pris for motet sitt.
Robin Schaefer
I det siste har debatten om varsling fått ny kraft. Vi kjenner hovudtrekka i historia til Robin Schaefer, politimannen frå Bergen. Han meinte at politiet hadde gjort ein dårleg jobb i den såkalla Monika


































































































