AddToAny

DEN BESTE TURGLEDA KJEM ETTER TUREN

DEN BESTE TURGLEDA KJEM ETTER TUREN
Du var våt, kald, sliten og hadde gnagsår. Korleis er det mogeleg at du fire veker seinare hugsar det som ein flott tur?
Vi er nok mange som har opplevd det: kilometervis med turgåing i regnvêr, skigåing på glatt og hard aprilsnø, blytungt randonnée-utstyr i oppoverbakke, gnagsår som bit oss i hælen, eller kanskje ein frykteleg høgdeskrekk. Likevel står vi bi og gjennomfører det vi hadde tenkt. Og det underlegaste av alt: Vi tenkjer tilbake på det med glede.

Kjensla av glede er eit aldri så lite mysterium som har opptatt filosofar i tusenvis av år. Dei siste åra har temaet også begynt å oppta friluftslivsforskarar. Det ser ut til at det, djupt inne i oss menneske, er eit potensial for ei heilt spesiell glede - som ikkje kan arvast, og som vi aldri får gratis. Den gleda kjem alltid etterpå.



GLISER I BOTNEN AV BAKKEN - Når ein skikøyrar køyrer nedover ein bakke, ser han ikkje tilfreds ut i det heile tatt. Men med éin gong han begynner å bremse, kjem smilet. Når han stoppar heilt, kan han smile stort, fortel Audun Hetland, stipendiat i psykologi ved UiT Norges arktiske universitet.

Han monterte like godt hjelmkamera, både på skikøyrarar og syklistar, for å filme ansiktsuttrykka deira.

Han har sett det meste: Redsle, alvor, sinne, konsentrasjon. Gleda kjem alltid til slutt.

Slik er det også med basehopparar. Her viser pulsmålingar at dei er livredde før dei hoppar. Kanskje ikkje så rart, for på nokre sekund kan jo alt vere over. Ein av basehopparane Hetland følgde, klarte endeleg - etter å ha feila gong på gong - å få til det perfekte hoppet. Men jubelen kom først til syne når han landa: i eit vanvittig lykkebrøl.

- Vi menneske set oss i ei heil rekkje situasjonar som kan verke uforståelege. Alle basehopparar har nesten makspuls før dei hoppar. Det er vondt å vere redd. Likevel hoppar dei, igjen og igjen. Kvifor i all verda gjer dei det?

Det underlege er at når basehopparane blir spurte i etterkant, seier dei at dei berre var litt over middels redde. Fem eller seks, kanskje, på ein skala frå éin til ti.



BEST Å LÆRE NOKO NYTT Ekstremsportutøvarar er ekstremvarianten av folk flest. Men også blant meir ordinære turfolk er det eitt eller anna som får oss til sta
Gå til mediet

Flere saker fra Fjell og Vidde

K an vi ta vare på villreinen samtidig som vi fortsetter å gå noen av Norges flotteste fjellturer?
Fjell og Vidde 13.02.2024
Hvilke hytter har du besøkt?
Fjell og Vidde 13.02.2024
I samband med regjeringa sitt kraftløft for Finnmark og elektrifisering av gassanlegget på Melkøya i Hammerfest, har Norges vassdrags- og
Fjell og Vidde 13.02.2024
Vogn 4. Ti spanjoler, tolv japanere, en av dem i setet ved siden av, de andre parvis bakover på hver side av midtgangen, samt en reiseguide. Ellers, en gutt med en sovende hund.
Fjell og Vidde 13.02.2024
HVA GJØR DU når turmålet er på den andre siden av jernbanesporet? Da gjelder det å finne fram kartet. Let etter et sted der toget går i tunnel, et snøoverbygg, en undergang, bru, eller planovergang.
Fjell og Vidde 13.02.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt