Arkitektnytt
31.08.2016
Eit år er gått sidan Svein Hatløy gjekk bort. Ved det høvet, og i høve skulen sin 30-årsdag, ei forseinka helsing til den gamle rektoren, gratulasjonar til skulen og dei nye arkitektane. Det viktigaste arkitekten gjer, er å forme.
Det Svein lærte oss, allereie den første dagen på arkitektstudiet, før noko anna skjedde, var at kvar og ein av oss måtte forme sin eigen veg. Gjennom studiet, inn i arkitekturen og samfunnet. Den vegen finn vi ikkje gjennom det som har blitt sagt eller gjort før, eller gjennom det vi sjølv seier, men gjennom det vi sjølv formar. Gjennom forma skapar vi både husvære og tilvære. To sider av same sak.
30 år er gått sidan Arkitektskolen i Bergen tok imot sitt første kull med studentar, og mykje har sjølvsagt endra seg både når det gjeld arkitektur, samfunn og teknologi. Vi står overfor store utfordringar dersom vi skal skape eit berekraftig og rettvist samfunn. Tida som Arkitektskolen i Bergen har eksistert, har i stor grad vore kjenneteikna av individualisme. Det paradoksale resultatet av denne egoismen er at både arkitektur
Gå til mediet30 år er gått sidan Arkitektskolen i Bergen tok imot sitt første kull med studentar, og mykje har sjølvsagt endra seg både når det gjeld arkitektur, samfunn og teknologi. Vi står overfor store utfordringar dersom vi skal skape eit berekraftig og rettvist samfunn. Tida som Arkitektskolen i Bergen har eksistert, har i stor grad vore kjenneteikna av individualisme. Det paradoksale resultatet av denne egoismen er at både arkitektur