AddToAny

Demokratidebatt på styremøte

Demokratidebatt på styremøte
NTNU-styret avviste forslaget om å opne for å erstatte fakultetsstyra med rådgjevande fakultetsråd. NTNU-styret skulle i går ta stilling eit forslag om ny styringsordning på fakultets- og instituttnivå.
Forslaget frå rektor gjekk ut på at dagens ordning, der fakulteta har eit fakultetsstyre med avgjerdsmyndigheit, skal vere normalen, men at rektor kan erstatte dette med eit rådgjevande fakultetsråd etter grunngjeve råd frå dekanen. Likeeins skulle dekanen, etter grunngjeve råd frå instituttleiar, kunne velje mellom instituttstyre, instituttråd eller utvida leiargruppe på instituttnivå. I dagens ordning er det fakultetsstyret som vedtek ordning for kvart institutt.

Men forslaget frå rektør møtte motbør i styret, og tilsettrepresentant Kristin Melum Eide tilrådde at forslaget vart endra til at fakultetsstyre skal vere einaste gjeldande ordning på fakultetsnivå, og at det skal vere opp til fakultetsstyret å vedta anten instituttstyre, instituttråd eller utvida leiargruppe på instituttnivå. Det skriv Universitetsavisa. Eide hevda at forslaget frå rektor ville medføre ei endring til det verre.

- Det fører til at rektor og dekan seg i mellom redigerer bort medbestemmingsorgan, sa Eide.

Også Guro Busterud, represetant for dei mellombels tilsette, var sterkt kritisk til forslaget om å endre på medbestemminga.

- Fra nittitallet og utover har vi opplevd ei gradvis forvitring av demokratiet. Først fekk ein eksterne representantar inn i styra, etter kvart blei desse i fleirtall, vidare har ein gått frå valt til tilsett rektor, dekan og instituttstyrar. At ein no ønskjer å gå frå fakultetsstyre til råd representerer nok eit steg i denne forvitringa av universitetsdemokratiet, sa Busterud.

Tydelegare leiing

Forslaget om å endre på styringsordninga var mellom anna grunngjeve med at styringslinja frå rektor til dekan og instituttleiar då ville bli meir tydeleg, medan eit styre resulterer i doble rapporteringsliner der dekan og instituttleiar er ansvarleg både overfor det lokale styret og overordna leiar.

- Ein har gått frå å ha eit universitet som blir styrt nedanfrå og opp til å få ein profesjonalisert organisasjon som blir styrt ovanfrå og ned. Ved NTNU er det mange tilsette som uttrykkjer uro over dei prosessane som finn stad, og som blir orienterte om endringar i staden for å få høve til å medverke i dei, sa Busterud på møtet.

Forskerforum har tidlegare skrive om korleis det kan skapast inntrykk av at eksterne og interne styrerepresentantar har motstridande interesser når det gjeld styring av institusjonane. På gårsdagens styremøte gjekk derimot eksternt medlem Nina Refseth ut mot ei slik forenkling av debatten, og gav tilslutning til ordninga med styre på fakultetsnivå. Forslaget frå Eide vart til slutt vedteke.

Trondheim 24.11.2015: Styret for nye NTNU. NTNU og de tre høgskolene Gjøvik, Ålesund og Sør-Trøndelag. Foto: Thor Nielsen

Styret ved NTNU. Foto: Thor Nielsen

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt