Forskerforum
30.10.2017
No må institutt med 20 tilsette konkurrere mot mastodontar med nesten 1000.
FORSKINGSINSTITUTT Fusjonsfeberen har herja ved universitet og høgskular, og no har han gripe tak i instituttsektoren. Frå før er det Sintef som har vore den dominerande instituttkjempa i Noreg. I 2015 kom Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO), som etter ei samanslåing av tre statlege institutt også er ein stor aktør. Og frå 1. januar 2018 kjem to nye, gigantiske forskingsinstitutt: Havforskingsinstituttet (HI) og NIFES - Nasjonalt institutt for ernæringsog sjømatforsking er fusjonerte, og får med dette nærare 1000 tilsette. Samtidig vil det nye storinstituttet på Sør-Vestlandet, som inntil vidare går under namnet Forskningsselskapet Sørvest AS, sjå dagens lys. Også dette blir ein mastodont med over 900 tilsette, og er eit resultat av ein fusjon mellom Uni Research og Christian Michelsen Research i Bergen, IRIS i Stavanger og Agderforskning og Teknova i Kristiansand.
- Utviklinga i sektoren går mot større einingar, og det er for risikabelt å vere eit lite forskingsinstitutt i dag. Trenden er at dei store institusjonane stikk av med oppdraga, seier seniorforskar Migle Helmersen, som er tillitsvald for lokallaget til Forskerforbundet ved Agderforskning.
Helmersen meiner det er positivt å bli del av eit større forskingsmiljø.
- Her ved Agderforskning har vi svært få forskarar innanfor kvart fagfelt. No får vi store fagmiljø, som gjer at vi kan bli ein reell konkurrent til Sintef.
Hovudsetet for det nye instituttet blir i Bergen, men avdelingane blir geografisk der dei er i da
Gå til mediet- Utviklinga i sektoren går mot større einingar, og det er for risikabelt å vere eit lite forskingsinstitutt i dag. Trenden er at dei store institusjonane stikk av med oppdraga, seier seniorforskar Migle Helmersen, som er tillitsvald for lokallaget til Forskerforbundet ved Agderforskning.
Helmersen meiner det er positivt å bli del av eit større forskingsmiljø.
- Her ved Agderforskning har vi svært få forskarar innanfor kvart fagfelt. No får vi store fagmiljø, som gjer at vi kan bli ein reell konkurrent til Sintef.
Hovudsetet for det nye instituttet blir i Bergen, men avdelingane blir geografisk der dei er i da


































































































