AddToAny

- Byråkratar trenerer museumssak

- Byråkratar trenerer museumssak
Agder naturmuseum vil bli universitetsmuseum under UiA, men Kunnskapsdepartementet får ikkje bestemt seg. - Det er umogleg å vite kvifor, men det må sitje nokre byråkratar i departementet som trenerer denne saka.
Både eigarane og Universitetet i Agder (UiA) seier at dei ønskjer eit universitetsmuseum. Då er det kjempefrustrerande å ikkje få dette på plass, seier Roar Solheim, tillitsvald i Forskerforbundet ved Agder naturmuseum og botaniske hage.

Museet har i mange år jobba for å bli universitetsmuseum under UiA, og dei noverande eigarane, som er Kristiansand kommune og Vest-Agder fylkeskommune, har sagt seg villige til å fortsatt vere med på å støtte museet økonomisk.

Men om Agder naturmuseum skal bli ein del av UiA, må museet få sine tilskott frå Kunnskapsdepartementet (KD), og ikkje Kulturdepartementet slik som i dag.

- Vi er ganske fortvila og oppgitt over at det går så treigt! Vi har berre venta på at departementa skal få ut fingeren og at pengane skal flyttast til KD. Men så kom statsbudsjettet og der ligg vi fortsatt under Kulturdepartementet! seier Solheim.

- Ufatteleg vanskeleg

Torill Gjelsvik er museumsdirektør ved Agder naturmuseum og botaniske hage:

- Dette er svært frustrerande, for så lenge det formelle vedtaket ikkje er i orden, kan ikkje museet investere eller legge nye planar. Alt står på vent. Og vi forstår ikkje at det skal vere nokon grunn til å hindre ein overgang til KD, for UiA har informert departementet om at det ikkje lenger er pengane det står på, seier ho.

Men det skal tydelegvis ikkje vere lett å bli universitetsmuseum, for Forskerforum skreiv om denne saka alt i 2011.

- Nei, det er visst ufatteleg vanskeleg, og det er merkeleg at KD ikkje kan klare å gje eit svar, seier Gjelsvik.

- Styreleiaren vår har vore i kontakt med begge departementa, og KD seier at saka fortsatt er til vurdering. Då vil det kanskje seie at dei ikkje har tenkte så mykje på det?

Også UiA-rektor Frank Reichert er overraska over at overføring av Agder naturmuseum frå Kulturdepartementet til KD ikkje er nemnd i framlegget til statsbudsjett.

- Dette bør vere ei kurant sak som vi håpar Stortinget kan hjelpe til med at no blir realisert, uttaler Reichert i ei pressemelding.

- Eit prinsipielt spørsmål

Ekspedisjonssjef Toril Johansson i universitets- og høgskuleavdelinga i KD stadfestar at UiA har sendt departementet ein oversikt over kva det vil koste å overta Agder naturmuseum.

- Universitetet har òg presisert at dei vil ta desse kostnadane over eiga budsjettramme.

Ho seier departementet vurderer søknaden, men viser til at det først og fremst er eit prinsipielt spørsmål om KD skal ha fleire universitetsmuseum.

- Denne saka handlar difor ikkje berre om UiA, men om korleis vi bruker ressursane best i heile sektoren, seier Johansson.

- Ved dei eldste universiteta har musea vore mykje av grunnlaget for universitetsbyggingsprosessen. Arkeologisk museum i Stavanger vart for nokre år sidan universitetsmuseum under Universitetet i Stavanger, men ved det museet hadde dei same forvaltningsoppgåvene etter kulturminnelova for Rogaland, som dei andre universitetsmusea har i resten av landet. Agder naturmuseum er ikkje av denne typen museum, seier ho.

Agder naturmuseum og botaniske hage er næraste nabo til Universitetet i Agder (UiA), som no ønskjer å overta museet. Foto: Kari Fiskvatn

- Vi ventar berre på at departementa skal få ut fingeren, seier ugleforskar Roar Solheim ved Agder naturmuseum. Foto: privat

- Det er eit prinsipielt spørsmål om KD skal ha fleire universitetsmuseum, seier ekspedisjonssjef Toril Johansson. Foto: Kunnskapsdepartementet

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt