Jordnært, nyttig, smart og veldig enkelt, seier Marit Epletveit, leiar i Gjesdal Bondelag.
- Er du landbruksinteressert kvinne med behov for å koma saman med andre bønder for å læra meir og bli kjent med kollegaer, kan det vera ein fordel å vera med i ei kvinnegruppe.
Ku eller sauGjesdal kan skilta med å ha seks oppegåande landbruksrelaterte kvinnegrupper i sving. Kvar gruppe har mellom sju og tolv kvinner, fordelt på om hovudinteressa er sau eller ku.
Dei fleste gruppene har deltakarar med fleire produksjonar.
- Og så har me prøvd å fordela litt på alder. Nokre er i småbarnsfasen, medan andre er i ein annan fase i livet, seier Epletveit.
Oppskrifta er ulik, men det blir som regel minst åtte samlingar gjennom vinteren.
- Dei fleste gruppene tar ein pause midt på sommaren, og så tar me fri i lemming


































































































