AddToAny

Bruker eiga erfaring til å forske på barnlause

Bruker eiga erfaring til å forske på barnlause
Éi av fem kvinner i Vesten har ikkje barn. Professor Cristina Archetti forskar på kvifor mange barnlause kjenner seg utanfor og mislykka.
Silje Pileberg

frilansjournalist Universitetet i Oslo

Det hadde aldri vore så viktig for Cristina Archetti å få barn. Men då ho forstod at ho truleg ikkje ville få det, kjende ho seg plutseleg mislykka.

Spesielt sterk var kjensla den dagen ho vart forfremma til professor ved Institutt for medier og kommunikasjon. Endeleg hadde ho nådd målet sitt. Dørskiltet vart endra, løna gjekk opp, ho fekk nye businesskort. Men elles var alt akkurat som før.

- Det var eit stort antiklimaks. Alt arbeidet eg hadde lagt ned gjennom dei siste tjue åra, hadde handla om dette. Eg begynte å spørje meg sjølv om eg hadde gjort alt feil. Korleis kunne eg ha vore så dum? Eg hadde jo gått glipp av heile meininga med livet.

Det er underleg, tenkjer ho i etterkant, at kjensla av å ha mislykkast var så sterk, sjølv om det å få barn aldri hadde vore særleg viktig for henne. Det kjendest som om ho mangla noko andre hadde.

Berre eitt ord i Noreg

På engelsk har dei to ord for denne tilstanden: childless og childfree. Det første ordet siktar til kvinner som har ønska å få barn, men som ikkje får det. Det andre ordet skildrar kvinner som har valt ikkje å få barn.

I Noreg har vi berre eitt omgrep: barnlaus. Med andre ord - har du ikkje barn, er det noko som manglar.

For sin eigen del spurte Archetti seg kor deprimert ho skulle la det gjere henne. Ho og ektemannen hadde prøvd i seks år, kor mykje tid skulle ho bruke på å lengte? Ho stilte også spørsmål ved korleis andre kvinner i hennar situasjon hadde det, og ho bestemte seg for å undersøke det som forskar.

For ho visste at ho ikkje var den einaste. Éi av fem kvinner i vestlege land har ikkje barn. I Noreg er delen ein av sju. Og kvar fjerde norske mann blir aldri pappa.

Kvar fjerde mann og kvar sjuande kvinne i Noreg får aldri barn. Forskingsprosjektet No Child Zone vil und

Les mer

Flere saker fra forskning.no

Kjente og kjære hageplanter kan skape trøbbel på sikt. Mange tenker nok på lupinen når de hører ordet fremmedart. Lupinene kom til Norge som en vakker ...
forskning.no 28.09.2023
Amerikanske forskere har kartlagt på hvilke tidspunkt eiere til omplasserte hunder kan forvente at adferdsproblemene går over, og når de kan forventes ...
forskning.no 28.09.2023
- Bare det å si at ME ikke kan helbredes, gjør at pasientene blir usikre, stresset eller redde, og de mister naturlig nok håpet. Dette gir dårligere ...
forskning.no 28.09.2023
Havets dyp er like ubegripelig som universet. Det beviser nok en gang vinneren av Oceanopgraphic Magazines Ocean Photographer of the Year 2023. Se ...
forskning.no 28.09.2023
Etter mange års arbeid mener en forskergruppe å vise hvordan antimaterie påvirkes av tyngdekraften.
forskning.no 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt