Norsk Skogbruk
28.09.2017
Det ser ut til å vere semje om at høgdeveksten på gran dei siste åra har vore betre enn venta ut frå Boniteten, men det er få påstandar om når denne auka veksten starta. Mine beregninger viser at overhøgdeveksten har vore omlag 40 prosent betre enn venta de siste 15 årene.
Det er i år 100 år sidan Det norske Skogforsøksvesen vart oppretta. I 1918 starta tre mann arbeidet med å legge ut forsøksfelt i ulike deler av landet. Eit hovedmål for instituttet var å studere produksjonen i ulike treslag ved ulik behandling. Det første året vart det lagt ut 14 prøveflater i einsaldra skog. Dette arbeidet heldt fram i åra framover. I tillegg måtte ein òg skaffe fram kubikktabellar for dei ulike treslaga. Alt i 1923 var kubikktabellar for gran og furu ferdig. Dei var grunna på data frå felte prøvetre frå forsøksfelta.
40 ÅR SIDEN H40
Frå 1926 blei høgdemåling av faste ståande prøvetre ein rutine med bruk av nøyaktige instrument (teodolitt og stenger fram til 1992). Dette arbeidet var ferdig i 1928. På alle forsøksfelt anlagt eller revidert seinare kan ein difor følge høgdeutviklinga på ståande tre. For 40 år sidan laga eg bonitetsfunksjonar og bonitetskurver for gran. Bonitetsomgrepet H40 var definert som bestandsoverhøgde ved referansealder 40 år i brysthøgde. Overhøgda var definert som middelhøgde av dei 100 grøvste trea pr. hektar. Utrekning av overhøgde dei første åra er meir usikre då berre ein del av overhøgdetrea var høgdemålte. Frå 1953 er storparten av trea målte.
Tilfanget var frå einsaldre bestand i dei ti skogfylka på Sør- og Austlandet og frå Trøndelagsfylka og Helgeland. Revisjonar fram til og med 1970 var med. Granplantingar nord for
Gå til mediet40 ÅR SIDEN H40