Bondebladet
26.10.2023
Gjert Kåre Solheim og Janne Tytingvåg på Husevågøy er redde for tryggleiken til ammekyrne sine. Dyra blir jaga, langs vegar og i marka, fordi folk ikkje vil ha dei på øya, meiner bondeparet.
Gjert Kåre Solheim og Janne Tytingvåg kjøpte garden Tytingvåg gard på sørsida av Husevågøy for sju år sidan. Øya er ein del av Kinn kommune og ligg cirka fire kilometer utanfor Måløy.
Paret har ammekyr, villsauer og ullgrisar på garden.
- Vi starta fyrst opp med villsau, før vi utvida med ammekyr, skotsk høglandsfe og ullgrisar. Vi har 32 storfe med smått og stort, seier Solheim.
Vond konflikt
Ammekyrne går ute heile året og beiter på fellesbeite i utmarka. Fylkesvegen deler denne utmarka, og ein kommunal veg deler utmarka og tunet til bondeparet.
No har det blitt ein ilter konflikt rundt dyra og beiting på øya.
- Vi blir trakassert og regelrett mobba på grunn av gardsdrift og dyrehald. Det er nokre hyttefolk som vil ha dyra vekk frå øya, og vi har blitt utskjelt på ferja, heime på tunet og i sosiale medier, men dette må vi berre heve oss over. Vi snakker gjerne med naboar, men på eit sakleg nivå og i folkeleg tone, seier Gjert Kåre Solheim.
Bygd
Gå til medietParet har ammekyr, villsauer og ullgrisar på garden.