Norsk Landbruk
28.04.2016
Viss Jon Georg Dale viser seg å vere ein smidig kar i forhandlingane, og evnar å selje inn politikken sin for Venstre og KrF, kan han få gjennomført meir av Listhaug sin politikk enn det Listhaug sjølv klarte.
I desse dagar er argumenta før årets jordbruksoppgjer ferdig kvessa. Eg gjettar at nervane i forhandlingsdelegasjonane i Bondelaget og Småbrukarlaget er i ferd med å byggje seg opp. Me var mange som var smått sjokkerte då Sylvi Listhaug rusla ut på slottsplassen som nyutnemnd landbruks- og matminister 16. oktober 2013. Sylvi Listhaug var ikkje akkurat eit populært val blant folk i landbruket, men ingenting er så galt at det ikkje er godt for noko.
Den klare talen hennar bidrog i det minste til ei samling om ein felles fiende, om ein k