Bitcoin blir av mange sett på som ein versting i energidebatten, og seinast i vår vart det lagt fram forslag frå partiet Raudt om å forby graveaktivitet i Norge. Forslaget vart forkasta, men viser likevel motstanden mot denne aktiviteten.
Her vil vi peika på fem konkrete område der Bitcoin-graving kan spela ei viktig og positiv rolle.
Det er på høg tid å få debatten over på eit meir konstruktivt spor og utforska mulegheitene denne industrien faktisk kan gi i klimasamanheng. Her vil vi peika på fem konkrete område der Bitcoin-graving kan spela ei viktig og positiv rolle.
1. Balansering av framtidas energinett
Sol- og vindkraft utgjorde i følgje det internasjonale energibyrået IEA 11 prosent av den totale energiproduksjonen i 2020 og er venta å veksa til over 40 prosent i 2040. Ein så stor del ustabil energiproduksjon skaper nye utfordringar for balanseringa av energinettet.
Produksjonen av


































































































