AddToAny

Bidrar media til å fremje eit negativt kvinnesyn?

Bidrar media til å fremje eit negativt kvinnesyn?
KOMMENTAR: Kjønnsskilnadar utfordrar målsetnaden om mangfald i mediesektoren, skriv student Mariell Solberg Langhelle. I anledning kvinnedagen har det dei føregåande vekene gått føre seg ei mengd debattar knytt til kvinners fråvær i media.
Problemet er vel ikkje det at kvinner ikkje ynskjer å ytre seg i media, men snarare rammevilkåra for ytring i media som kvinne?

«Det var ubehageleg» ytrar Stian Blipp i etterkant av intervjuet der han mellom anna vart spurt om han mistenker at utsjånaden hans skuggar for personlegdomen. NRK- programleiar Christine Dancke set i anledning kvinnedagen søkjelyset på pressa si behandling av kvinner i det ho intervjuar menn på den raude løparen på same måte som ho førestiller seg at journalistar ville nærma seg kvinner i same intervjusituasjon.

Ansvar

I artikkelen Hvorfor kvinner sier nei når journalister ringer undersøker NRK- journalist Mari Rollag Evensen kvifor kvinner i samtida unnlèt å ytre seg i media, og slutninga hennar baserer seg på problematikk knytt til samvit, tid, sjølvtillit og risikovilje kring ytringsprosessen. Evensen oppfordrar kvinnelege intervjuobjekt til å takke ja når journalisten ringer, då dagens fordeling av «taletid» i sendingar skapar intrykk som baserer seg på at det er mannlege aktørar som tek avgjerder.

Det er vel å merke ei legitim fråsegn Evensen portretterer, då kjønnslikskap i media kan jamnast ut dersom kvinner i større grad vel å ytre seg og gje mangfaldige og røyndomsnære skildringar av kjønn som bryt med stereotypiske framstillingar.

På den andre sida kan ein hevde at journalisten har like stort, om ikkje større ansvar for å framstille og la kvinner ytre seg på same grunnlag som mannlege intervjuobjekt. Eit døme på denne problematikken kjem klart fram i artikkelen Infantiliseringen av forulykkede kvinner, der to av dei pårørande kritiserer mediedekninga av ei klatreulykke med tre kvinnelege, erfarne fjellfolk involverte, som utvikla seg til å verte ei belastning for dei involverte.

I mediedekninga av ulykka kan det virke som at journalisten har eit lite bevisst tilhøve til korleis framstillinga av kvinnene som «uerfarne jenter» påverkar den aktuelle parten og den rådande oppfatninga i samfunnet. Kritikken av media sin måte å føre kjønnsframsyning kan i følgje medievitar Jostein Gripsrud verte karakterisert som ein ideologikritikk, som omhandlar «hvordan mediene bidrar til den stadige reproduksjonen av de dominerende tenkemåtene og samfunnsforholdene».

Politikk og offentleg forvaltning

Kritikken av manglande likestilling av kjønn i media er kompleks, og det er verken ei ny eller geografisk avgrensa innvending. Professor David Gauntlett hevar at representasjonar av kjønn i media i større grad har vorte prega av kompleksitet og mindre stereotypiske framstillingar dei føregåande åra, men ein gjentakande feministisk mediekritikk baserer seg på at media er medverkande til å halde ved lag og føre vidare eit diskriminerande kjønnshierarki, der kvinner opptrer som passive objekt i motsetnad til menn som står fram som handlande aktørar.

Tal frå den omfattande globale undersøkinga Global Media Monitoring Project (GMMP) frå 2015 visar at representasjonen av kvinner i media ligg uforandra på 24 prosent frå 2010 til 2015, og ein finn det største spriket mellom kjønna knytt til nyhende om politikk og offentleg forvaltning, der kvinner berre står for 16 prosent av kjeldene i sakene.

Fråverande i pressehistoria

Ein ser kjønnsskilnadar både når det gjeld medarbeidarar i mediebedrifter, leiing, kjeldebruk og mediebruk. Som det kjem fram i Jan Fredrik Hovden si undersøking av det norske journalistiske feltet frå 2008, arbeider dei yngre journalistane i større grad i kringkasting, medan ein hyppigare finn eldre journalistar i tradisjonelle aviser og i fagpresse.

Som undersøkinga viser er 44 prosent av journalistar under 35 kvinner, medan ein finn berre 15 prosent kvinnelege journalistar over 50 år. Ein kan generelt sett skimte distinksjonar mellom dei ulike journalistiske generasjonane med tanke på livsfasar, der dei eldre journalistane i all hovudsak har eit godt etablert familieliv og ein stabil økonomisk situasjon, i motsetnad til den yngre generasjonen som i større grad finn seg i ei etableringsfase. Vidare ytrar Hovden at ulike arbeidsstadar og mediehus har ulik tiltrekkingskraft basert på journalistar si samansetting og volum av kapital.

Til tross for at kvinnelege journalistar kan seiast å ha fått eit sterkt fotfeste i ein tradisjonelt mannsdominert profesjon, har kvinner vore nærast fråverande i norsk pressehistorie. Dei fyrste kvinnelege journalistane måtte kjempe mot fordommar i samfunnet for å få spalteplass i avisene. Resultatet kom til syne i mellomkrigstida, då sosialstoffet, for og av kvinner, for alvor gjorde sin entre i norske aviser.

Legg samfunnet til rette for utvikling på dette feltet eller er kvinnelege journalistar sitt virke avgrensa til mediedekning av kultur-, helse- og sosialstoff frå den private sfære? Assisterande generalsekretær i Norsk Redaktørforening, Reidun Kjelling Nybø, ytrar under den nylege markeringa av 30- års jubileet til journalistutdanninga i Bodø, at utdanninga har vore ein viktig del i at kjønnsskilnadar i redaksjonane har vorte jamna ut, då overvekta av kvinnelege journaliststudentar legg til rette for ei positiv utvikling mot auka likestilling.

Dei to hovudopposisjonane knytt til generasjonsskilnadar og mediumskilnadar gjev grunnlag for å hevde at prestisjefulle prisar, redaktørstillingar og liknande meir hyppig vert tildelt eldre, mannlege journalistar.

Utfordrar målsetnaden om mangfald

Mediemangfald har vore eit sentralt omgrep i samfunnsdebatten det siste året, og Mediemangfaldsutvalet reknar i si utgreiing mediemangfald som ein føresetnad for demokratiske prosessar, og ein fungerande offentleg dialog prega av ytringsfridom. Med grunnlag i denne påstanden kan ein difor hevde at kjønnsbalanse i mediebiletet vil vere fordelaktig for samfunnet. Ein skil tradisjonelt gjerne mellom tre ulike aspekt mediemangfald; avsendarmangfald, som refererer til i kva grad mediebiletet er fylt av eit variert utval av avsendarar/ innhaldsbydarar/ leverandørar, til dømes mangfald i produsentar og eigarar, innhaldsmangfald, basert på ulike typar innhald og sjangrar, og bruksmangfald, som referer til mangfald i bruk av medieinnhald.

Med fokus på mediebedrifter har avsendarmangfald vorte omgrepsfesta i form av mangfald av medarbeidarar (basert på dei tilsette sitt kjønn, sin etnisitet, religion og politisk syn ol.), der eit sentralt punkt som vert spegla i denne modellen er at avsendarmangfald har vorte antatt å føre til mangfald i innhald, der mediebrukarar i større grad vil konsumere eit utval innhald frå ei rekkje ulike kjelder.

Då ein kan hevde at kjønnsskilnadar utfordrar målsetnaden om mangfald i mediesektoren, vil eit problematisk synspunkt vere at ein framleis finn kjønnsskilnadar når det gjeld medarbeidarar i mediebedrifter, leiing, kjeldebruk og mediebruk. Eg vil difor argumentere for at det i tillegg til iherdig innsats frå kvinnene si side, må tydelege redaksjonelle målsetnadar til for å skape auka medvit når det gjeld tilnærming, framstilling, og rammevilkår for ytring i media som kvinne og den rådande oppfatninga i samfunnet.

Mariell Solberg Langhelle er student i medievitenskap ved Universitetet i Bergen.

Extra-info:

Les mer

Flere saker fra Journalisten

Spalten uttrykker skribentens egne synspunkter. «Gidske Olivia Anderson var ikke et ønsket barn.» Slik starter Alf Ole Ask og Elin Sørsdahls bok ...
Journalisten 28.09.2023
Amedia og Schibsted har signert en intensjonsavtale for å sikre videre distribusjon av papiraviser og pakker, seks dager i uken, i en så stor geografi ...
Journalisten 27.09.2023
Document brøt Vær varsom-plakatens punkt 4.3 om å vise respekt for menneskers egenart og etnisitet.
Journalisten 27.09.2023
Avisa Norge IDAG ble felt av Pressens Faglige Utvalg (PFU) da utvalget behandlet to klager mot samme artikkel i avisa under møtet onsdag 27. ...
Journalisten 27.09.2023
Avisa Nordland gikk fri i Pressens Faglige Utvalg (PFU) onsdag, etter å ha bli klaget inn av tre medlemmer av Rødt Bodø.
Journalisten 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt