Sykepleien
31.05.2020
Sjølv om sjukeheimen er bygd for å leggje til rette for smittevern, kan bemanningspolitikken ha stikk motsett effekt.
Mange av dei som har døydd av koronaviruset i Noreg, bur på sjukeheim. Forklaringane på dei mange dødsfalla handlar gjerne om at det bur mange med svekka immunforsvar i slike institusjonar.
Les merI norske sjukeheimar trengst det med andre ord personell med høg kompetanse i hygiene og smittevern.
Kan dra med seg smitte
Kontakt med få personar er eit anna sentralt smittevernprinsipp. Norske sjukeheimar er godt tilrettelagde i så måte, for det bur vanlegvis berre åtte til ti personar i same avdeling. I tillegg er det slik at kvar bebuar vanlegvis har si eiga private eining med kombinert soverom/opphaldsrom og eige bad/toalett.
Tidlegare var det ikkje uvanleg med bortimot 30 bebuarar i same sjukeheimsavdeling