Bioingeniøren
22.08.2025
To har blitt éin, på ein stad som er ny for alle. Det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal er opna, og på laben er sløyfeendane knytt saman i håp om at det beste frå to kulturar kan sameinast.
Byggeplasskameraet på Hjelset har stoppa. Det siste stillbiletet er frå 12. april, og viser gjenvinningskonteinarar, ei gul gravemaskin, grus og gråstein. Bakom tronar nybygget med sine reine linjer og klimaskall.
Med røntgensyn kunne ein sett akuttheisen frå føden til operasjonsstua, at laben ligg rett ved akuttmottaket, einmannsrom med eigne bad og mykje nytt og automatisert medisinsk utstyr.
Men det nye Sjukehuset Nordmøre og Romsdal (SNR) er meir enn det.
Det husar folk med minne, meningar og kjensler som har stått på kvar si side i Noregs kanskje lengste sjukehusstrid. No er dei her som pasientar og innbyggarar - og ikkje minst helsepersonell.
Etter over tjue år med planlegging, krangling, to avlyste anbodskonkurransar og fullstendig endra planar, nærmar sorga over dei tapte lokalsjukehusa seg ei ny fase: aksept.
I Molde er det gamle sjukehuset tømt og skal seljast. I Kristiansund er sjukehuset gjort om til eit distriktsmedisinsk senter (DMS). >Batt knuten som ferske sambuarar
Ein ny seksjon for medisinsk biokjemi og blodbank har sett dagens lys på Hjelset, og har samla bioingeniørar som tidlegare jobba på Kristiansund eller Molde sjukehus.
Under opninga av seksjonen den sjuande mai, batt dei to verneomboda, Elisabeth Sandvik frå Kristiansund og Marthe Trondsen frå Molde, kvar si sløyfeende saman til ei stram sløyfe. Den skal symbolisere det nye sambuarskapet.
- Vi tenkte litt på de
Gå til medietMed røntgensyn kunne ein sett akuttheisen frå føden til operasjonsstua, at laben ligg rett ved akuttmottaket, einmannsrom med eigne bad og mykje nytt og automatisert medisinsk utstyr.