BUSKAP
05.04.2024
Anaerobe sporedannande bakteriar gjev feilgjæring i ost, mens de aerobe fører til at mjølka søtkoagulerar.
Sporedannande bakteriar er ein bakterie som fins naturleg i jord og vatn. Under ugunstige forhold har han evna til å gå over frå ein tilstand som levande bakterie til å vera i kvilefase som spore. Under gunstige forhold vil han på nytt gå over til å vera ein aktiv bakterie.
Bakterie med «overlevelsesdrakt»
Dette er ein bakterie med «overlevelsesdrakt». I sporeform er han ekstremt motstandsdyktig og overlever høg temperatur, kjemikalie, desinfeksjon, stråling ,tørke, kulde og pasteurisering. Då denne bakterien ikkje finns naturleg i mjølk må den bli overført frå miljøet rundt.
To typer
Bakterien kan finnast både som anaerob (utan luft) og aerob (med luft).Den aerobe bakterien Bacillus cereus er oftast årsaka til at mjølka søtkoagulerar, og då den kan produsera giftstoff (toxin) kan den også vera årsak til matforgiftning.
Den anaerobe bakterien Clostridium er oftast årsaka til dårleg kvalitet på dei faste ostetypane. Osten får unormal holsetjing med beisk og ubehageleg smak.
Gå til medietBakterie med «overlevelsesdrakt»