Norsk Landbruk
09.10.2025
Ekstrapengane til investeringar er brukt opp i dei fleste fylka og mange bønder står i kø for å bygge fjøs. Pågangen er stor også for neste år.
FJØSBYGGING Stor pågang førte til at fleire fylke gjekk tomme for pengar til investeringsstøtte alt tidleg på året. Senterpartiet fekk i juni gjennomslag for å fylle på med 175 millionar kroner ekstra i revidert statsbudsjett, men desse pengane er også brukt opp i mange av fylka rundt i landet. Ein oversikt frå Innovasjon Norge viser at meir enn halvparten av fylka per 12. september har brukt opp 90 prosent eller meir av potten dei har fått tildelt, inkludert ekstraløyvinga som kom. Fleire av fylka har brukt opp heile den tildelte potten og for ein del er det interne prioriteringsreglar som gjer at dei ventar til seinare med å bruke ein del av p
Gå til mediet


































































































