BUSKAP
08.12.2023
For å skape god avlsmessig utvikling på kyrne dine, samtidig som ein opprettheld kjøttproduksjonen og betrar økonomien treng du ein plan!
NRF-kua har eit breitt avlsmål og med det større spennvidde i type dyr.
Nokon meir rundbygde og kjøttsette, andre meir mjølkeprega, lettare bygde og med større mjølkeevne. Avlskollega Lars Byberg Timpelen hadde ein beskrivande artikkel rundt dyretyper i Buskap 1/2021.
Prioriter dyretype
Eg vil påstå at NRF fungerer godt på alle avdråttsnivå. Men med så stor forskjell i typer, er det behov for å prioritere innan kvar buskap, i høve eigne målsettingar og kva miljøfaktorar ein tilbyr kua. Med auka bruk av REDX er det naturleg at me går mot ei meir mjølkeprega ku. Her vil det likevel vere forskjellige ynskjer. Ei lettare bygd og fôreffektiv ku er meir aktuell i låge tilskotssoner på kjøt, medan den typiske kombikua vil vere meir ynskja i høgare tilskotssoner av landet.
Om du har påsett av oksar, eller ei, har også innverknad på kva dyretype du bør vektlegge.
Genotyping betrar avlsplanlegginga
Ved avlsplanlegging ute i fjøs og eksteriørdøming av kyr for Geno ser eg tydeleg at variasjonen mellom dyras prestasjon og indeks er mindre på genotypa kyr. Fenotypa stemmer betre med genotypa. Det er betryggande. Dess fleire dyr i populasjonen som vert genotypa, dess sikrare vert estimata over dyra sin genetikk, og dess betre avlsarbeid kan både du og Geno drive.
Mitt råd er difor å starte med å genotype kvigekalvane. Då får du eit betre utgongsp
Gå til medietNokon meir rundbygde og kjøttsette, andre meir mjølkeprega, lettare bygde og med større mjølkeevne. Avlskollega Lars Byberg Timpelen hadde ein beskrivande artikkel rundt dyretyper i Buskap 1/2021.