AddToAny

Avisnedlegging i Bergen er eit tap for universitetsdemokratiet

Avisnedlegging i Bergen er eit tap for universitetsdemokratiet
Me synest dette er både synd og tragisk, ikkje minst for alle dei tilsette ved Universitetet i Bergen.
Kommentaren ble ført publisert hos Uniforum. Gjengitt med tillatelse.

Då rektor Dag Rune Olsen og universitetsdirektør Kjell Bernstrøm våren 2018 først presenterte planane om å leggja ned På Høyden og gå inn som medeigar i Khrono, var styret på Universitetet i Bergen negative. Dei meinte at universitetet hadde behov for ei eiga kritisk og uavhengig avis.

Etter fleire styrebehandlingar enda kompromisset opp som ein slags fusjon der På Høyden skulle førast vidare, men med Khrono-redaktør Tove Lie som redaktør for begge avisene. To konkurrerande aviser skulle drivast med den same redaktøren og med dei same tilsette.

Det er eit stort tap for heile Universitetet i Bergen.

Heilt frå byrjinga høyrdest dette ut som ein dårleg idé. Det ser det ut som om både Tove Lie og styret for Universitetet i Bergen no også har kome fram til. Men i staden for å lata På Høyden bli ei eiga lokalavis, uavhengig av universitetsleiinga, har styret snudd heilt rundt, og etter framlegg frå rektor Dag Rune Olsen og redaktør Tove Lie, har dei vedtatt å lata På Høyden venda tilbake til reiret i Kommunikasjonsavdelinga som ei vengeklipt internavis utan redaktørplakat.

Derfor blir enden på visa at På Høyden som kritisk og uavhengig avis blir nedlagt og skal stå opp igjen som eit internt organ som truleg blir ei stemme for leiinga. Det er eit stort tap for heile Universitetet i Bergen, men også for resten av universitets- og høgskulesektoren.

For det er det som vert konsekvensen av avgjerda til universitetsstyret ved UiB den 20. februar om ikkje lenger å lata Khrono driva avisa som ei uavhengig og kritisk lokalavis for dei tilsette.

Dermed set universitetsavisa Khrono igjen med dei tre På Høyden-tilsette med lønn frå UiB, medan universitetet må setja av ekstra ressursar for å kunna driva avisa som ei internavis med base i Kommunikasjonsavdelinga.

Me synest dette er både synd og tragisk, ikkje minst for alle dei tilsette ved Universitetet i Bergen. Dei vil ikkje lenger ha ei eiga avis som med eit kritisk blikk kan skriva om stort og smått av det som skjer på det viktigaste universitetet på Vestlandet. .. det er like sannsynleg som at sola skal skina i Bergen 365 dagar i året

No vil det truleg bli meir snorklipping, meir skryt over kor bra institusjonen gjer det, og null kritisk journalistikk i På Høyden, når publikasjonen igjen tar på seg den gamle bedriftsavisdrakta. Sjølv om kommunikasjonsdirektør Tor Asmund Godal trur at ein slik portal skal bli ein debattarena som kan erstatta den debattarenaen som På Høyden var, før avisa blei fusjonert med Khrono, så er me overrtydde om at det er like sannsynleg som at sola skal skina i Bergen 365 dagar i året.

Frå På Høyden begynte å bli redigert etter Redaktørplakaten i 2011 og fram til fusjonen med Khrono i 2018, var avisa prega av ei sunn og kritisk haldning til både leiinga ved UiB og til andre maktpersonar knytte til universitetet.

Det førte også til at avisa i 2014 fekk pris for god forskingsjournalistikk frå Vitskapsakademiet i Stavanger. i 2018 blei også tidlegare ansvarleg redaktør Dag Hellesund kalla inn på teppet til rektor Dag Rune Olsen for å forklara seg om ei sak som handla om ein rapport om psykologklinikkar på Universitetet i Bergen. Redaktøren fekk støtte for oppslaga i avisa både frå tilsette ved UiB og frå generalsekretær Arne Jensen i Norsk redaktørforeining. Sistnemnde refsa også rektor Dag Rune Olsen for å ha brote lova om redaksjonell fridom i media. Det avviste UiB-rektoren.

Som observatør har det vore trist å sjå korleis På Høyden gjekk frå å bli ei tøff og pågåande avis for Universitetet i Bergen til å bli ei avis med ganske uinteressante saker. For dei mest spennande sakene frå Universitetet i Bergen blei publiserte i Khrono, men var ofte skrivne av På Høyden-journalistane. Det var også dei som skreiv dei mindre interessante sakene som kom med i På Høyden.

Det er ein fare for at avisa også i den rolla kan hamna i ein spagat.

Me forstår derfor Khrono-redaktør Tove Lie når ho i styrepapira uttrykkjer at «Erfaringen så langt er at kompromissløsninger og hybride avismodeller ikke er et ideelt utgangspunkt for å kunne utøve kvalitetsjournalistikk verken lokalt eller nasjonalt».

For dei tilsette ved Universitetet i Bergen, trur me det beste hadde vore om På Høyden hadde blitt levert tilbake til UiB med heile redaksjonen og halde fram som ei uavhengig og kritisk lokalavis redigert etter Redaktørplakaten.

Meir enn nokon gong er det behov for kritiske vaktbikkjer i sektoren som spelar viktige roller i universitetsdemokratiet. No blir det ei vaktbikkje mindre blant universitetsavisene.

Uniforum og Universitetsavisa har den rolla for Universitetet i Oslo og for NTNU. Khrono skal vera det for OsloMet, men også for alle andre universitet og høgskular som deltar i samarbeidet med avisa. Det er ein fare for at avisa også i den rolla kan hamna i ein spagat.

Image-text:

Universitetsledelsen ved UiB holder til i Muséplass 1.

Foto: Wikimedia Commons

Les mer

Flere saker fra Journalisten

Spalten uttrykker skribentens egne synspunkter. «Gidske Olivia Anderson var ikke et ønsket barn.» Slik starter Alf Ole Ask og Elin Sørsdahls bok ...
Journalisten 28.09.2023
Amedia og Schibsted har signert en intensjonsavtale for å sikre videre distribusjon av papiraviser og pakker, seks dager i uken, i en så stor geografi ...
Journalisten 27.09.2023
Document brøt Vær varsom-plakatens punkt 4.3 om å vise respekt for menneskers egenart og etnisitet.
Journalisten 27.09.2023
Avisa Norge IDAG ble felt av Pressens Faglige Utvalg (PFU) da utvalget behandlet to klager mot samme artikkel i avisa under møtet onsdag 27. ...
Journalisten 27.09.2023
Avisa Nordland gikk fri i Pressens Faglige Utvalg (PFU) onsdag, etter å ha bli klaget inn av tre medlemmer av Rødt Bodø.
Journalisten 27.09.2023

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt