AddToAny

Av og til er ein millimeter ikkje nok

Av og til er ein millimeter ikkje nok
Det finst ei tid for alt. Når kjem tida for å tette lønsgapet til privat sektor? - Det er framleis historisk lågt i norsk samanheng, sa NHO-direktør Kristin Skogen Lund, innramma av vignett-lyden til Kveldsnytt.
Det var 14. mars, og ho snakka om lønsoppgjeret i privat sektor, som vart underskrive same kveld. Ho viste à 2 g til at handelspartnarane til Noreg truleg kom til å få ei større lønsutvikling enn dei varsame 2,4 prosentane ho nettopp hadde avtalt med LO-leiar Gerd Kristiansen. Men ettersom prisveksten for 2017 er stipulert til 2,0 prosent (av Teknisk berekningsutval, som tek seg av slikt), ligg det i det minste an til reallønsoppgang. I fjor var det faktisk nedgang i realløna i Noreg då prisveksten vart høgare enn føresett.

Lønsoppgjeret i offentleg sektor står for tur. Ut frå frontfagsmodellen, skal oppgjeret i privat sektor gjeve retning for dei andre oppgjera. Ein kan dermed vente seg ein liten reallønsauke i offentleg sektor òg. Den grunnleggande føresetnaden er at det generelle lønsnivået ikkje skal auke meir enn den konkurranseutsette industrien toler. Dersom lønene aukar for mykje, driv det òg opp kostnadene til verksemdene som skal selje navigasjonsutstyr, eller kva det skulle vere, til utlandet.

Banken kan ikkje sprengast, men kan denne føresetnaden tøyast? Ein peikepinn finst i Holden 3, utvalet som i 2014 laga ein NOU (Norsk offentleg utgreiing) om lønsdanninga i Noreg. Her vert det presisert: En troverdig ramme skal verken være gulv eller tak for lønnsveksten, men en norm som andre forhandlingsområder skal forholde seg til. Denne presiseringa treng Forskerforbundet og hovudorganisasjonen Unio, for i år som dei fleste år, må ein prøve å redusere gapet mellom lønsnivået i privat og offentleg sektor.

I førre nummer av Forskerforum, skreiv vi om ei ny undersøking om lønsutviklinga for høgt utdanna i Noreg frå 2004 til 2014. Øyvind Søraas Skorge og Janis Umblijs frå Institutt for samfunnsforsking står bak undersøkinga, som er gjort på oppdrag frå Forskerforbundet. Hovudfunnet er at lønsskilnaden mellom forskarar i privat sektor, inkludert mange forskingsinstitutt og næringslivet, og statleg sektor har auka: frå 11 prosent i 2004 til 20 prosent i 2014. Forskerforbundet-leiar Petter Aaslestad kommenterte at dette var urovekkande for staten, og eit varsko om at det kan verte vanskeleg å rekruttere framover.

Forskerforbundet har grunn til uro: Tyngdepunktet av medlemmene er i staten, dessutan gjer ikkje det typiske medlem det skarpt samanlikna med andre offentleg tilsette heller. Ifølgje rapporten har høgare utdanna i offentleg sektor generelt større reallønsauke i perioden (1,9) enn forskarar i staten (1,4). Og spesielt dei kvinnelege forskarane i staten heng etter, snittløna deira ligg åtte prosent under dei mannlege.

Utfordringane til Forskerforbundet er dermed dei vonde, gamle: Avstanden i løn aukar til privat sektor og til andre delar av offentleg sektor. Dersom eg skal samle akterutseglinga i ein person, vel eg meg ein kvinneleg høgskulelektor. Forbundet er no i ferd med å lage ein ny lønspolitisk strategi for åra som kjem, og må prøve å svare på to problematiske utviklingstrekk. For det fyrste vert lønsdanninga, med staten som velsignar og Akademikerne som pådrivar, stadig meir lokal. Store, strukturelle utjamningar får ein dermed ikkje til med gamle verktøy. For det andre er det arbeidsgjevars marknad. I den nemnde Forskerforum-artikkelen om lønsundersøkinga, var òg personalsjefen ved NTNU Arne Kr. Hestnes intervjua. Han var ikkje med på at universiteta kunne spekulere i å gje lågare løn fordi folk uansett vil ha jobben. Men eg trur han var inne på noko då han la til: Det kan nok være at mange har lyst til å jobbe ved et universitet fordi de syns det er spennende. Det kan gi et stort søkertilfang, som gjør at lønn ikke nødvendigvis er det som står i fokus, men heller faglig miljø og muligheter.

Hovudsaka i dette bladet tek for seg fagorganisering, spesielt ved universitet og høgskular. På arbeidsplassar generelt, går høg organiseringsgrad hand i hand med høgt lønsnivå. Så om de ikkje får eit godt lønsoppgjer, får de iallfall ha god lesnad.

Og, eg tykkjer eg skimtar han der ute, ha god vår.

Image-text:

Forskarar i privat sektor har gått fra å tene 11 prosent til 20 prosent betre enn forskarar i staten, ifølgje ny undersøking. Illustrasjon: Aksel Kjær Vidnes

Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 30.01.2025
Forskerforbundet og Tekna har inngått en avtale med Abelia som sikrer forskningsinstitutter under Abelia mulighet til å ansette stipendiater og
Forskerforum 30.01.2025
Forskarar som var misnøgde med Twitter etter at Elon Musk kjøpte plattforma, flokkar seg no om Bluesky. Men kva kjenneteiknar det ideelle sosiale mediet?
Forskerforum 30.01.2025
Akademisk skriving har blitt et pliktløp med trange rammer. En ny generasjon vil skrive på egne premisser.
Forskerforum 30.01.2025
Forskerforum 30.01.2025

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt