Forskerforum
28.05.2026
Akademisk fridom har vore under aukande press internasjonalt over lengre tid, og særleg med utviklinga i USA under Trump-regimet har debatten om
... akademisk fridom og ytringsfridom fått fornya merksemd også her i landet.
Men det underlege med delar av den debatten er at han beveger seg heilt ut i randsona av kva akademisk fridom handlar og bør handle om.
Blant dei siste bidraga til det er innlegget frå tillitsvalde ved Oslomet som skriv om kollegaer som samanliknar arbeidssituasjonen sin med å vere fabrikkarbeidar ved eit samleband (hovudtillitsvald Erik Dahlgren mfl.,
Forskerforum.no 11. mars). Innlegget «Akademisk frihet fordrer nye allianser» er symptomatisk for ein bestemt type norsk debatt. Det rettar merksemda mot strukturelle forhold og subtile og lett karikerte mekanismar som kan utgjere eit trugsmål mot akademisk fridom eller i det minste redusere potensialet for å realisere gevinsten av han.
Men eg trur vi står oss på ikkje minst i dagens situasjon å ha eit tydelegare og meir avgrensa perspektiv og rette merksemda mot den delen av trusselbiletet som handlar om aktørar som har klare intensjonar om å svekke den akademiske fridommen, og som handlar deretter. Hets og truslar Korleis ser det då ut her i landet?
Ser vi på press utanfrå, er ei reell og viktig utfordring trakassering i sosiale medium. Mange av kollegaene våre som forskar på og ytrar seg om kontroversielle saksområde (som barnevern eller innvandring), opplever hets og i verste fall truslar i kommentarfelt, sosiale medium og over telefonen.
Her har vi ein jobb å gjere for å støtte dei, personleg og institusjonelt, som kollegaer og leiarar. (Sjå til dømes antologien til Mangset, Midtbøen og Thorbjørnsrud frå 2022 for dette poenget og andre sensurmekanismar eg kor
Gå til medietMen det underlege med delar av den debatten er at han beveger seg heilt ut i randsona av kva akademisk fridom handlar og bør handle om.