Nils Erlend Rognehaug på Omastand i Kvam overtok garden etter faren og mora i 2007. Foreldra starta med bringebær så tidleg som 1973, sidan har det vore fast innslag med bærsal ved vegen på Oma.
No har Nils Erlend og kona Lorena Fajardo planta ut nye felt, men den gamle sorten Veten er historie.
- Eg fjerna dei eldste felta for nokre år sidan. Dei heldt seg utruleg bra, men no plantar vi Glen Ampel. Dei er større og held seg mykje betre som ferske bær, i tillegg er dei fine til å frysa ned og ta opp på nytt, fortel Nils Erlend, som håper dei nye felta vil halda i 10 - 15 år.
Han har full jobb hos Frank Mohn i Fusa ved sida av garden.
Godt sal ved vegenNils Erlend og Lorena sel mykje bær ved vegen i juli/august, i tillegg leverer dei til kundar i Bergen, både ferske og frosne bær.


































































































