Universitetsavisa
17.06.2016
Kongen i statsråd har bestemt at det vert ein ny Høgskulen på Vestlandet og at Kunst- og designhøgskolen slår seg saman med UiB. Dei to nye institusjonane får til saman 16 millionar kroner tilsamanslåingsarbeidet.
- Etter samanslåinga kan Høgskulen på Vestlandet sjå utdannings- og kompetansebehov i vestlandsregionen under eitt. Eg har høge forventningar til at samanslåinga gjer Høgskulen på Vestlandet godt rusta til å møte utfordringar og moglegheiter i åra som kjem, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen i eipressemelding.
Les merFredag avgjorde Kongen i statsråd at høgskulane i Bergen, Sogn og Fjordane og Stord/Haugesund vert Høgskulen på Vestlandet frå 1. januar 2017. Vedtaket var venta etter at alle dei tre høgskulane førre veke gjorde positive vedtak i fusjonssaka. Dei tre høgskulane får til saman 11 millionar kroner til samanslåingsarbeidet i2016, skriv På Høyden.


































































































