AddToAny

Øyvind Sandbakk: Anbefaler bok skriven av sportsjournalist

Ifølge forlaget avslørar denne boka korleis ein kan hente ut det ekstra potensialet i oss alle.
Toppidrettsforskar Øyvind Sandbakk frå Institutt for nevromedisin og bevegelsesvitenskap ved NTNU meiner fleire kan ha glede av å forstå prosessen bak ein god prestasjon.

Vil du lese meir om Sandbakk si forsking? Sjå Samtalen i Forskerforum nr. 3 2019.

Om du skal anbefale ei bok frå ditt fag, kva for ein er det?

- Eg anbefaler boka Endure: Mind, Body, and the Curiously Elastic Limits of Human Performance av Alex Hutchinson. Ho gir eit holistisk perspektiv på mennesket si øvste grense for fysisk yteevne, og baserer seg på djup forståing for forskingsfeltet, samtidig som forfattaren har ei innsikt i beste praksis som driver kunnskapsfeltet vidare og genererer nye hypotesar. Samtidig er boka lettlese og godt skrive.

Kva skal du lese i sommar?

- Sommaren er ei flott tid for å lese bøker. Som kveldslektyre har eg planer om å lese Kniv av Jo Nesbø. Eg har lese alle dei tidlegare bøkene om Harry Hole, så det har nesten blitt ein tradisjon å følje han i sommarferien. Eg har i tillegg planer om å lese Idrettsgenet: vitenskapen bak store idrettsprestasjoner av David Epstein, og bøkene The Talent Code og The Culture Code av Daniel Coyle. I tillegg har eg skrive ut ein liten bunke med forskingsartiklar som eg ikkje har fått tid til å lese i løpet av arbeidsåret. Eg synes det er fint å bruke sommaren på å oppdatere meg faglig, og er så heldig at eg har hobbyen min som jobb.

Kva for ei bok skulle du ønskje at nokon skreiv?

- Eg er usikker på om det reknast som bok, men eg ønskjer meg ei stortingsmelding som verkeleg tar fysisk aktivitet og idrettens rolle i samfunnet på alvor; der skulen får mandat til å ta eit ansvar for fysisk fostring langt utover det den gjer i dag, og i samspel med idretten får rammetilhøve for å sikre betre fysisk form og helse for framtidige generasjoner.

Kan du anbefale ein film/serie/dokumentar eller podkast som gir innsikt i ditt fagområde?

- Eg synes personleg at serien Vitenskapen bak medaljen som gjekk på NRK var bra, men er også litt inhabil i anbefalinga sidan eg var sterkt involvert i dette prosjektet.

Les meir:

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt