BUSKAP
31.10.2016
To tidlegare studentar på Norges Handelshøgskole, Kathrine Moland og Monica Ilstad Lenning, har fått hjelp av Tine til å skrive masteroppgåve bygd på ein analyse av 212 bruk i Mjølkonomi. Vi følgde dei same bruka i rekneskapsåra 2012 og 2013.
Bruka hadde i middel 31 årskyr, og var såleis litt større enn gjennomsnittet i Kukontrollen.
Finne dei mest inntektseffektive bruka
Målet var å finne fram til dei mest inntektseffektive bruka, og kva som kjenneteiknar dei. Inntektseffektive bruk vart definerte som bruk med høgast mogleg inntekt inkludert alle tilskot, gitt følgjande innsatsfaktorar: variable kostnader, fjøsplass, mjølkekvote, grovfôrareal og totalt tal arbeidstimar på bruket. Fjøsplassen rekna vi ut frå middel dyretal i kvart av åra. Ved å nytte inntekta i høve til bruken av innsatsfaktorar som mål på effektivitet kan både små og store bruk bli effektive. Poenget er at dei må få mest mogleg ut av dei ressursane dei set inn i produksjonen. Bruk med stort areal eller stort fjøs i høve til mjølkekvoten vil såleis ikkje automatisk bli rekna som effektive, slik dei kan ver
Gå til medietFinne dei mest inntektseffektive bruka