Forskerforum
03.04.2017
«Marsj for vitskap» let forskarar lukke augo for dei mange sidene ved forskingssystemet som ikkje fungerer, fryktar vitskapsfilosof.
Nest siste laurdag i april tek forskarar til gatene. Ideen om ein demonstrasjon i Washington spreidde seg raskt, og i skrivande stund er det registrert 393 demonstrasjonar over heile verda, også i Noreg, der einskildforskarar ved Høgskulen i Oslo og Akershus og Universitetet i Oslo har teke initiativ til å hekte seg på den internasjonale organisasjonen.
Forskerforum har, på den tilmålte tida, ikkje oppnådd kontakt med dei norske arrangørane. Dei skriv på nettsidene at demonstrasjonen er eit «forsvar for kunnskap, uavhengig forskning og uredd forskningsformidling».
- FARLEG MISTILLIT
- Vi ser at resultat produserte av vitskapleg metode og systematisk undersøking, blir utfordra av anekdotar og udokumenterte påstandar på sosiale medium. Det gjev politikarane høve til å sjå bort frå forskinga når dei tek avgjerdene sine, seier rektor Anne Husebekk ved Universitetet i Tromsø på spørsmål om kvifor ho støttar demonstrasjonen.
Husebekk uttrykte nyleg uro over framveksten av «alternative fakta» i eit innlegg i Nordlys. Sjølv er ho vekkreist og får ikkje delteke i demonstrasjonen i Tromsø, men ho fortel at rektoratet vil vere godt representert.
- Dersom ein til dømes vel å ikkje ha tillit til forsking som viser at klimaendringane for ein stor del er menneskeskapte, meiner eg det er direkte farleg. Då vil ein ta politiske avgjerder som går ut over oss alle, seier ho.
INTERN MOBILISERING
Også professor og rektorkandidat ved Universitetet i Oslo, Svein Støl
Gå til medietForskerforum har, på den tilmålte tida, ikkje oppnådd kontakt med dei norske arrangørane. Dei skriv på nettsidene at demonstrasjonen er eit «forsvar for kunnskap, uavhengig forskning og uredd forskningsformidling».