AddToAny

Åleine enn så lenge

Åleine enn så lenge
Høgskulane i Volda og Molde står begge utan fusjonspartnarar. Volda trivst med det, Molde vil helst til NTNU. Kjerstin Gjengedal - No skal det bli godt å bruke tid på det vi eigentleg skal drive med, seier Johann Roppen.
Foto: Olav Standal Tangen Høgskulane i Volda og Molde har begge kontakta moglege partnarar dei siste månadene, som følgje av eit sterkt opplevd ytre press for å fusjonere. For HiMolde var fusjon med NTNU mest nærliggande. Ei førebels sondering klargjorde at NTNU berre er interessert i fusjon dersom det er eit klart og fagleg fundert ønske frå fagmiljøa i Molde. Men så langt er fagmiljøa splitta. Avdelinga for logistikk har frykta at ho blir delt på fleire fakultet ved ein eventuell fusjon med NTNU. Logistikkmiljøet har i staden lufta tanken om fusjon med Noregs handelshøgskole. Ei slik løysing er per i dag uaktuell, ikkje minst fordi det er underforstått at HiMolde i så fall må delast og helsefaga finne ei anna løysing. Styrer mot NTNU HiMolde hadde strategisamling 8. og 9. mars, og vedtok då at sjølvstende ikkje bør vere førstevalet, at høgskulen skal gå samla vidare i prosessen, og at NTNU er mest aktuell som fusjonspartnar. Sporet mot NTNU heng i stor grad på logistikkmiljøet. Vi har ein prosess gåande ved alle avdelingane for å klarleggje motivasjonen for å gå vidare med desse sonderingane, seier rektor og styreleiar ved HiMolde, Hallgeir Gammelsæter. HiMolde har neste styremøte 20. april, og då må motivasjonsgrunnlaget hos avdelingane vere avklart. Riggar seg for åleinegang HiVolda inviterte tidleg i mars Høgskulen i Sogn og Fjordane (HiSF) til fusjonsforhandlingar, men dette avviste HiSF fordi dei er i gang med fusjonsprosessen med høgskulane i Bergen og Stord/Haugesund. Dermed kan eg ikkje førestille meg at vi er fusjonert med nokon 1. januar 2017, seier rektor ved HiVolda, Johann Roppen. No må vi sjølv rigge oss med tanke på å møte dei nye krava til lærarutdanninga og andre krav som vil kome dei neste åra. Det skjer mykje i sektoren no, og personleg er eg glad for at vi no kan fokusere på kvalitetsutvikling og sleppe å tenkje på struktur dag og natt. HiVolda er i ferd med å utvikle eit fagleg samarbeid med Universitetet i Bergen på fleire område. Samtidig kan vi ikkje slutte å tenkje på struktursaka, og vi vil følgje med på kva for endringar som skjer omkring oss, seier Roppen.
Gå til mediet

Flere saker fra Forskerforum

Forskerforum 10.06.2024
Nav dyttar ofte folk mot digitale kanalar, sjølv når det er openbert at dei ikkje greier å bruke dei. Det seier forskar Sara Hofmann, som heller kaldt vatn i blodet på teknologioptimistane.
Forskerforum 10.06.2024
Forskerforum 10.06.2024
Skadelig påvirkning på nett utøves av både fremmede stater og rent kommersielle aktører. Det er et kaos, sier Eskil Grendahl Sivertsen.
Forskerforum 10.06.2024
Å tenke høyt sammen med en håndverker mens hånden stryker over stålplatene på et gammelt skipsskrog, det er forskning for Håkon Sandåker.
Forskerforum 10.06.2024

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt