AddToAny

Å selga frilanssakar: Det var som ein sekthemmelighet

For nokre år siden ante eg ikkje korleis andre frilansarar fekk til å selga bilder og reportasjar, skriv Ingerid Jordal.
Dette er et debattinnlegg. Innlegget uttrykker skribentens egne synspunkter.

Er du ein frilansar som trenger å selga greiene dine? Eller kanskje du lurer på korleis sånt går for seg? Det gjorde i alle fall eg!

For nokre år siden ante eg ikkje korleis andre frilansarar fekk til å selga bilder og reportasjar. Det var som ein sekthemmelighet. Folk eg spurte, var litt vage. Å ta telefonen når den ringer, javel. Men kva med oss med telefon som ikkje ringer? Korleis får du telefonen til å byrja å ringa? Eg kallar meg Noregs ærligste fotograf, og no skal eg forsøka å innfri: dette er korleis eg fekk solgt ein av mine første store saker.

Sommaren 2018 gjorde eg nemlig noe idiotisk: eg drog på reportasjetur til andre sida av verda utan å ha avtalar om salg. Det vil seie at eg risikerte alt. Og håpte det skulle gå bra. Eg var gravid, blakk og livredd for å fly. Kvifor ikkje bruka dei siste kronene mine på ein tre vekers reportasjetur som eg kanskje aldri får betalt for?(Det har eg ikkje svar på, utover at eg er risikoglad.)

Før avreise hadde eg sjølvsagt prøvd i det lengste å få avtalar med aviser og magasiner. Ingen beit på. Eg kjente ingen redaktørar i store aviser, og ein e-post frå meg var nok lett å oversjå i ein travel redaksjon. VG svarte aldri, Bergens Tidende svarte aldri, A-magasinet sa tja med forbehold, men ville gjerne sjå saka ferdig først. Og så slutta dei å svara. Og plutselig var det avreisedato, og å ikkje reisa var vel aldri noko alternativ for meg. Eg skulle til USA for å laga saker om norskamerikanarar, fordi eg hadde vorte fascinert av noko eg las om arvespråket amerikanorsk.

I nokre mikroskopiske bygder i Midtvesten intervjua eg eldre norskamerikanarar som var etterkomarar etter norskar som utvandra på 1800-talet. Til dømes Leslie Ellingsen på 94. Han hadde aldri vore i Noreg, men snakka kav halling, fordi han hadde vekse opp i ei lita bygd i Minnesota der både slekt og naboar var utvandra Hallingdøler.

Etterpå drog eg til vestkysten og liberale Seattle. Her ville eg snakka med unge, urbane norskamerikanarar i 20 og 30-årsalderen. Ryan som likte å kle seg ut som viking, hardingfelespelaren Rachel og Andreas som syntes USA var vorte så ekstremt at han helst ville emigrera attende til Noreg. Reisa var eit eventyr.

Det går ikkje ei veke utan at eg tenkjer på flate åkrar så langt auga kan sjå, 6-felts motorvegar, det ekle motellet i Westby, samtalar om kor awful lutefisk eigentleg er, kyrkje-sightseeing og den gode mottakinga eg fekk overalt kor eg drog. Sjeldan har eg kjent meg så velkomen som journalist. Og aldri har eg fått så mykje lefsa.

Det var rett og slett deilig å vera norsk i det norske Amerika.

Fotograf Ingerid Jordal klemmer statuen til Leiv Erikson. Foto: Ingerid Jordal

Eg kom heim med tomme lommer og gode saker, og gauv laus på redaktørane med nytt pågangsmot. Ingen svarte. Eller dei svarte nei. Eg jobba meg nedover og nedover på lista, og møtte ein slags botn då eg tilbaud ein sak til ei lokalavis i Trøndelag (der to av intervjuobjektene hadde sine røter), som dei baud meg 1000 kroner for. Eg blei frustrert. Sakene var jo gode? Eg sendte igjen og igjen, og så sa endelig eit stort magasin kanskje.

Eg vart beden om å laga ein oversikt/disposisjon, og finna nokre ekstra kjelder. Eg sendte på nytt. Trudde vi hadde ein avtale. Så datt det ned i e-posten min:

«Hei, vi går ikke for denne nå» (eller noko liknande.)

Då måtte eg grina litt (mye.)

Så kom haust, så kom husbyte og livet sjøl og ikkje minst babyen, og å selga saken blei satt på vent. Eg begynte å tenka at turen hadde vore ein fiasko. Vinter og vår 2019 trilla eg på baby, og plagdes med Nav. Det er ei heilt anna historie, men: eg trur behandlingen eg fekk gjorde meg råare. Eg var konstant blakk og forbanna. Men i stedet for å bli knekt, blei eg offensiv. Og kanskje inspirert av den amerikanske ånden?

Saken på trykk i BT. Foto: Ingerid Jordal

Eg tenkte: når samfunnet ikkje funker, må eg fiksa ting sjøl. Eg treng pengar! Så ein vakker vårdag spylte eg skammavetet ned i do, og sendte for tusande gang eit tilbud til ein ukjent redaktør-person. Midt i mi kokforbanna ammetåka klarte hjernen min å huska noko viktig eg hadde lært på et kurs: emnefeltet i e-posten må vera klart og tydelig, slik at travle redaktørar faktisk opnar den. Gjer livet deira enklare. Gje dei det stoffet dei treng no. Kalenderen viste april. Kva tenkjer ein redaktør på i april? I mine tidligare e-postar hadde eg skrive noko a la: «Forslag til sak om norskamerikanere». No skreiv eg i emnefeltet: «FIN SAK TIL 17. MAI» Eg sendte e-posten, la ungen i vogna og trilla ned i sentrum. Innan eg var nede, var ungen sovna og avtalen i boks:

Den amerikanske draumen om Noreg vart ti siders oppslag i Bergens Tidende sitt magasin.

Så var det som om noko løsna. I løpet av det neste året vart den «mislykka» turen min til enno fleire reportasjar. Enno ein i Bergens Tidende, i Språknytt, i Medier24, i lokalavisa Hordaland, og «lokalavisa» for norskamerikanarar The Norwegian American. I tillegg blei Den amerikanske draumen om Noreg ein utstilling støtta av Kulturrådet og Fritt ord, med visningar tre stader i 2020 som opptakt til presidentvalget i USA same år.

Ingenting av dette hadde eg orka utan det første ja-et. Det er noko med å få ein liten klapp på skuldra. Det første ja-et er ofte det tyngste. Men etter at du har fått eit ja, er det lettare å få neste ja. Av og til må ein berre satsa. Og «masa». Ikkje vær redd for å fyra av garde ein e-post eller ti. Og for all del ikkje gje deg berre fordi noen knehøner ikkje svarar eller svarar nei.

Teksten er først publisert i Jordals eget nyhetsbrev. Gjengis med tillatelse.

Image-text:

Risikoglad fotograf i maisåker, Minnesota 2018.

Foto: Ingerid Jordal

Les mer

Flere saker fra Journalisten

- Vi mener et utvidet mandat til PST må utløse mer ressurser til kontroll, sier direktør Mari Velsand i Medietilsynet.
Journalisten 02.12.2022
Egmont blir diskusjonsforumets tredje eier på to år. Story House Egmont kjøper Diskusjon.no av VG. Egmont eier fra før forumene Kvinneguiden og Doktor Online - og forum knyttet til satsingen Foreldre.no.
Journalisten 02.12.2022
Tilbake på jobb etter sykemelding. NRKs Moskva-korrespondent Gro Holm har vært sykemeldt siden midten av oktober med hjerteproblemer, forteller hun til Dagbladet fredag.
Journalisten 02.12.2022
- Bra å få et eksternt blikk. Sørlandsavisa Fædrelandsvennen har hyret eksterne presseeksperter til å gå gjennom avisas Baneheia-dekning. Det bekrefter ansvarlig redaktør Eivind Ljøstad.
Journalisten 02.12.2022
Den kjente konspirasjonsteoretikeren Alex Jones har begjært seg konkurs etter at han ble dømt til å betale 1 milliard dollar i erstatning til Sandy Hook-ofrene.
Journalisten 02.12.2022

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batliv bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt