Forskerforum
29.08.2016
For å få utteljing i EU-prosjekt trengst nettverk og lobbyering. Nye arbeidsmetodar set forskarane på prøve.
For eitt år sidan opna NTNU, Universitetet i Bergen og Sintef kvar sine kontor i same bygget i EU-hovudstaden Brussel. Målet for institusjonane er å få meir ut av deltakinga i EUs rammeprogram for forsking, Horisont 2020.
- Ved å vere til stades i Brussel får du ei stemme. Du kan påverke EU-kommisjonens strategiar og vere med på å avgjere kvar pengane skal gå. Då er du halvveges til gjennomslag når du seinare søker på midlane, sa leiaren av NTNUs Brussel-kontor, italienaren Massimo Busuoli, då Forskerforum vitja kontoret i sommar.
KJENNSKAP OG VENSKAP Busuoli har vore på plass på kontoret sidan januar i år, og er godt i gang med å kople NTNU-fagmiljø med passande partnarar i Europa. Ein av dei som har hatt nytte av kontoret, er Kay Gastinger. Han leier NTNU si strategiske satsing på nanovitskap og funksjonelle materialar, og også den nasjonale infrastrukturen for mikro- og nanofabrikasjon, NorFab.
- Gjennom NorFab har vi bygd opp eit nordisk nettverk for nanoteknologi som vi vil utvide mot Europa, både for å få inn meir kompetanse og for å jobbe mot Horisont 2020. Det har vi fått god hjelp med. Vi har til dømes arrangert konsortiemøte på Brussel-kontoret og fått hjelp til å finne foredragshaldarar, og Busuoli har hjelpt til med å gjere oss kjende med det europeiske strategiforumet for forskingsinfrastruktur, som han kan mykje om, seier Gastinger.
Å kjenne nokon som kjenner nokon, er heilt sentralt for å få ein fot innanfor i EUs for
Gå til mediet- Ved å vere til stades i Brussel får du ei stemme. Du kan påverke EU-kommisjonens strategiar og vere med på å avgjere kvar pengane skal gå. Då er du halvveges til gjennomslag når du seinare søker på midlane, sa leiaren av NTNUs Brussel-kontor, italienaren Massimo Busuoli, då Forskerforum vitja kontoret i sommar.