Forskerforum
02.01.2017
Til alle tider har legane prøvd å hjelpe barnlause. Og alltid har det vore omstridd.
«Unnfanget i løgn». «Ikke bare etisk forkastelig, men en forbrytersk handling». Overskriftene er henta frå debattinnlegg av Aksel Sandemose, som i 1950-åra engasjerte seg sterkt i ein debatt om «kunstig inseminasjon» på menneske.
- Ein del av titlane frå 50-åra kunne vore limte direkte inn i debatten i dag. Då prøverørsteknologien kom i 1980-åra, var overskriftene «Legene leker Gud» og «Det tukles med naturen». Liknande argument kan ein finne igjen i dagens diskusjon om å tillate eggdonasjon i Noreg, seier Eira Bjørvik, som er stipendiat i eit forskingsmiljø for medisinsk antropologi og medisinsk historie ved Det medisinske fakultet på UiO.
- Strengaste i verda
Bjørvik er historikar, og i doktorgradsprosjektet studerer ho framveksten av assistert befruktning frå dei tidlege forsøka på sæddonasjon før andre verdskrigen og fram til slutten av 1980åra då prøverøyrsteknologien kom for fullt. Det første prøverøyrsbarnet i Noreg vart fødd i 1984.
- Mange tenker at historia om assistert befruktning tok til med prøverøyrsteknologien i moderne tid. Men fertilitetsbehandling har ei svært lang historie. Til alle tider har ein prøvd å hjelpe barnlause.
Historia om assistert befruktning er ei historie om medisin, men også om moral, religion og politikk.
- Først og fremst har eg studert korleis norske legar har behandla spørsmålet om infertilitet etter kvart som ny teknologi vart gjort tilgjengeleg. Eg har også sett på korleis ulike former for assistert befruktning har blitt debattert og handtert gjennom historia.
I 1987 fekk Noreg, som første land i verda, ei lov som regulerte assistert befruktning.
- Til dags dato har vi ei av dei strengaste lovgjevingane i verda på dette feltet, seier ho.
Radikale i 50-åra
Gå til mediet- Ein del av titlane frå 50-åra kunne vore limte direkte inn i debatten i dag. Då prøverørsteknologien kom i 1980-åra, var overskriftene «Legene leker Gud» og «Det tukles med naturen». Liknande argument kan ein finne igjen i dagens diskusjon om å tillate eggdonasjon i Noreg, seier Eira Bjørvik, som er stipendiat i eit forskingsmiljø for medisinsk antropologi og medisinsk historie ved Det medisinske fakultet på UiO.