AddToAny

«I år er arrangementa i samband med fadderveka viktigare enn nokon sinne»

«I år er arrangementa i samband med fadderveka viktigare enn nokon sinne»
Fadderveka høyrer studiestarten til, skriv leiar Caroline Erviksæter i Forskerforbundet Student.
I år er arrangementa i samband med fadderveka viktigare enn nokon sinne. Det norske folk har heldt avstand til kvarande sidan i mars, og mange har ufrivillig vore utan sosial kontakt på same måte som før.

Caroline Erviksæter

Fadderveke arrangørane og utdanningsinstitusjonane har planlagt arrangement og sosialt samvær med alle nye studentar. Det har vore nøye planlegging med omsyn til regelverket for tiltak, for å hindre Covid 19 smitte.

At nokon av studentane ikkje føl regleverket må ikkje skuldas arrangørane. Uansett om det er studentar eller godt vaksne på ferietur som ikkje føl reglane, er dette eit eige ansvar som kvar enkelt har.

For å få den beste starten på studietida er det viktig å knyte kontakt og venskapsband mellom nye og etablerte studentar, kontaktar og band som er viktig for å fullføre studiane. Det er avgjerande for å unngå at nokon kan falle utanfor, også for den psykiske helsa til kvar enkelt.

Det er difor viktig at tradisjonen med fadderveka vert oppretthalden. Studentar må skjerpe seg å følgje til ei kvar tid gjeldande reglar rundt smittevern slik at ein unngår slike episodar som ein har sett i media i den siste tida. Det er fult mogeleg å oppretthalde sosial kontakt dersom ein tenkjer smittevern. Vask hendene - hold 1 meters avstand. Ha spriten på hendene å ikkje i magen.

Image-text:

FAt nokon av studentane ikkje føl regleverket må ikkje skuldas arrangørane, skriv Caroline Erviksæter. Her fra fadderuka ved NTNU i Trondheim tirsdag kveld. Foto: Ole Martin Wold / NTB scanpix

Gå til mediet

Nyhetsbrev

Lag ditt eget nyhetsbrev:

magazines-image

Mer om mediene i Fagpressen

advokatbladet agenda-316 allergi-i-praksis appell arbeidsmanden arkitektnytt arkitektur-n astmaallergi automatisering baker-og-konditor barnehageno batmagasinet bedre-skole bioingenioren bistandsaktuelt blikkenslageren bobilverden bok-og-bibliotek bondebladet buskap byggfakta dagligvarehandelen demens-alderspsykiatri den-norske-tannlegeforenings-tidende diabetes diabetesforum din-horsel energiteknikk fagbladet farmasiliv finansfokus fjell-og-vidde fontene fontene-forskning forskerforum forskningno forskningsetikk forste-steg fotterapeuten fri-tanke frifagbevegelse fysioterapeuten gravplassen handikapnytt helsefagarbeideren hk-nytt hold-pusten HRRnett hus-bolig i-skolen jakt-fiske journalisten juristkontakt khrono kilden-kjonnsforskningno kjokkenskriveren kjottbransjen kommunal-rapport Kontekst lo-aktuelt lo-finans lo-ingenior magasinet-for-fagorganiserte magma medier24 museumsnytt natur-miljo nbs-nytt nettverk nff-magasinet njf-magasinet nnn-arbeideren norsk-landbruk norsk-skogbruk ntl-magasinet optikeren parat parat-stat politiforum posthornet psykisk-helse religionerno ren-mat samferdsel seilmagasinet seniorpolitikkno sikkerhet skog skolelederen sykepleien synkron tannhelsesekreteren Tidsskrift for Norsk psykologforening traktor transit-magasin transportarbeideren uniforum universitetsavisa utdanning vare-veger vvs-aktuelt