Magasinet for fagorganiserte
28.01.2023
Boye Ullmann har samla over førti år med tillitsvald- og organisasjonserfaring i ei ny bok som skal gi nye troppssjefar i fagrørsla kunnskap og sjølvtillit.
Han har vore i vinden av fleire grunnar i det siste. I aviser og på TV har han argumentert for at Raudt bør støtte at Norge sender våpen til Ukraina - og dermed utløyst ein stor debatt rundt partiet.
Det er ikkje likt Boye Ullmann å halde kjeft.
HELD IKKJE KJEFT
Etter over 40 år som tillitsvald og organisasjonsarbeidar, har han no samla erfaringane i «Håndbok for tillitsvalgte».
Ullmann kjem frå Jern og Metall og klubbarbeid i industribedrifta Norwesco. Der var han klubbleiar i nesten tjue år fram til bedrifta vart lagt ned i 2001. Verktøymakaren var offer for fleire år med trakassering frå leiinga etter å ha blanda seg inn i ein oppkjøpsprosess.
- Eg ville gjort det igjen, eg gjorde det for å redde arbeidsplassar. Men eg har lært at det
Les opprinnelig artikkelDet er ikkje likt Boye Ullmann å halde kjeft.