NJF-magasinet
21.06.2017
Han kan synge opera, lage billedkunst og diskutere politisk filosofi i timesvis. Tillitsvalgt Axel Fjeld brenn for at samfunnet skal bli som kora han syng i: der ulike og sjølvstendige stemmer går saman for å skape noko større.
«Er det ingen her som vil slå i hjel denne mannen for 50 kroner! ? » ropte oldefaren til Axel Fjeld på dekket av ei fiskeskute ein gong på 50-talet. Den rike fiskebåtreiaren var forbanna på ein slomsete arbeidar.
- Historia om oldefaren blei lese høgt ut i klasserommet av læraren min på barneskulen på Sotra, fortel Axel og legg til:
- Læraren ville bruke historia om min legendariske og berykta oldefar for å forklare litt korfor eg var som eg var, humrar Fjeld.
Stemmen hans er djup og klangfull. - Det var på den tida eg blei utreda for ADHD, held han fram.
Før ein går nærare inn på den rike hardhausen av ein oldefar, resultatet av ADHD-utgreiinga og barndomen, kva gjer Axel Fjeld på i dag?
- LO viktigast i Norge. Svaret er svært mykje. Han jobbar i Entur, billettselskapet til NSB og er ungdomsrepresentant i Bergen og omland LO. Han skriv masteroppgåve om fascisme og rasisme. I tillegg opptrer han i fleire kor, der han syng alt frå arbeidarsangar til Rachmaninov. Han lagar også billedkunst og er ein dreven portrettegnar. Fjeld har jobba i ti år i jarnbanen på deltid og har heile tida vore glødande engasjert og organisert i fagforeiningar og arbeidslivsspørsmål:
- Kva er grunnen til at du er med i fagforeninga og engasjerer deg i LO?
- Eg meiner LO er den viktigaste organisasjonen i Norge. Fagforeiningane er veldig viktig for demokratiet. Det handlar om å kunne vere med å påvirke og endre ting til det bedre. I fagforeiningar får du konkrete og ekte problemstillinger forankra i kvardagen til folk, fortel Fjeld.
Han står saman med LO Ungdom Hordaland bak Facebook-gruppa For ve
Les opprinnelig artikkel- Historia om oldefaren blei lese høgt ut i klasserommet av læraren min på barneskulen på Sotra, fortel Axel og legg til: