I 2012 oppdaga forskarar ved det internasjonale partikkelfysikklaboratoriet CERN i Sveits Higgs boson. Det var partikkelen som gjorde standardmodellen komplett. Det skjedde ved hjelp av dei vitskaplege eksperimenta som blei gjennomførte i den svære akseleratoren Large Hadron Collider som ligg langt under jorda rett utanfor Geneve i Sveits.
Populært sagt kan ein forklara den vitskapelege aktiviteten på CERN med at forskarane prøver å oppdaga universets minste partiklar ved hjelp av verdas største forskingsinstrument.
- Det er vanskeleg å spå kva me kan finna
Før helga var CERNs generaldirektør Fabiola Gianotti på besøk ved UiO. Og æresdoktoren ved UiO frå 2014 tok også ein samtale med Uniforum. Me lurte på om me kunne venta oss liknande oppdagingar som Higgs boson gjennom eksperimenta dei driv på med ved forskingssenteret CERN.
- Det er vanskeleg å spå kva me kan finna. I forskinga kan me aldri føresjå kva naturen har plassert der ute. Det me veit er at me driv eit av dei største vitskaplege instrumenta som nokon gong er bygt i verda, Large Hadron Collider, der forskarane utforskar høgare og høgare energi, og dei opnar for spørsmål som me i dag ikkje har svar på. Eg håpar at me ved hjelp av Large Hadron Collider, i alle fall kan få eit klart svar på nokre av dei, seier Fabiola Gianotti.
- Kva er den største vi