Uniforum
02.05.2023
I 2022 blei mange kontoar på avvegar forsøkt misbrukt til meir enn berre å senda ut e-post. Men etter at UiO innførte tofaktorautentisering klarte dei å snu dette. Det går fram av ein rapport IT-avdelinga har sendt til UiO-styret.
Rapporten om status på arbeidet med informasjonssikring og personvern blir lagt på bordet til Universitetsstyret som informasjonssak førstkomande fredag 5. mai. Der peikar IT-direktør Lars Oftedal på at 2023 held fram på same måte som i fjor med eit aukande og endra bilete av trugsmål. Det blir vist til at både Norsk sikkerhetsmyndighet (NSM) og Politiets sikringsteneste (PST) trekkjer fram dei same trugsmåla i år som i 2022, samtidig som media også har rapportert om fleire saker om spionasje og etterretning på andre universitet.
Les merForskings- og høgare utdanningsinstitusjonar er etterretningsmål
Dei peikar på den nasjonale trugsmålsvurderinga frå PST som ikkje legg skjul på at norske forskings- og høgare utdanningsinstitusjonar er utsette etterretningsmål for ulovleg kunnskapsoverføring frå fleire land Noreg ikkje har eit tryggingssamarbeid med. I fjor haust blei ein tidlegare NTNU-forskar dømt til fengsel i åtte månader for brot på lova om eksp