Fontene forskning
08.06.2023
Professor i sosialpolitikk, Einar Øverbye (OsloMet - storbyuniversitetet), har publisert bok om det faglege handlingsgrunnlaget for profesjonsutøvarar
... i det vi gjerne kallar frontlinjeyrke i velferdsstaten. Frontlinjeyrka er sosialarbeidarar i barnevern eller NAV, helsearbeidarar, lærarar, utøvarar som yter fagleg hjelp i direkte kontakt med brukarar.
Temaet er ikkje nytt, og kan sporast minst to tusen år attende til Aristoteles. Det viser til situasjonar der det blir utøvd fagleg skjønn og der det ikkje er opplagt kva som er best tiltak. Kva er då kunnskapsgrunnlaget for skjønnet? Mange har skrive om dei faglege utfordringane, men det er fortenestefullt at Øverbye set dette i eit større perspektiv, særleg retta mot dei som utdannar seg til frontlinjeyrke, arbeidsfeltet Michael Lipsky (1980) kalla «street level bureaucracy».
Boka gir ein systematisk gjennomgang av fire nødvendige, men også utfordrande kunnskaps-perspektiv; erfaringsbasert-, forskingsbasert-, teoretisk- og brukarkunnskap, etterfølgt av ei samanfattande drøfting av kunnskapsbasert fagleg skjønn.
I FØRSTE DELEN diskuterer forfattaren erfaringsbasert kunnskap, ein viktig start av fleire grunnar. Historisk sett har særleg utdanning til sosialt arbeid lagt vekt på teori som understrekar mesterlæring, å lære av dei erfarne (jf. Dreyfus & Dreyfus, 1986; Wenger, 1998). Studiar eg sjølv har delteke i indikerer at profesjonsutøvarar særleg vender seg til dei mest erfarne i teamet som sentrale kunnskapskjelder, framfor forskingsbasert kunnskap. Erfaringskunnskap er viktig, men samtidig sårbar.
Ferdigheiter handlar om evne til kommunikasjon med barn og foreldre i barnevernet, til å undervise elevar på ein god måte eller handtere medisinbruk og setje sprøyter som helsearbeidar. Ferdigheiter er viktige, men ein kan ha god ferdigheit utan innsikt i om ferdigheita har ønska effekt. Vitskapsteoretikaren Ryle (1963) skilde mellom «knowing how» og «knowing that». Barnevernsarbeidaren har gradvis lært seg ferdigheiter frå erfarne kollegaer, men kanskje utan innsikt i effekt. Øverbye viser til eksempel frå medisin; årelating, brukt i middelalderen og heilt fram til 1800-talet. Forsking viste seinare at det faktisk ofte hadde negative følgjer. Eit anna eksempel som blir trekt fram er frå 1950-talet då Benjamin Spocks bok «Baby
Les opprinnelig artikkelTemaet er ikkje nytt, og kan sporast minst to tusen år attende til Aristoteles. Det viser til situasjonar der det blir utøvd fagleg skjønn og der det ikkje er opplagt kva som er best tiltak. Kva er då kunnskapsgrunnlaget for skjønnet? Mange har skrive om dei faglege utfordringane, men det er fortenestefullt at Øverbye set dette i eit større perspektiv, særleg retta mot dei som utdannar seg til frontlinjeyrke, arbeidsfeltet Michael Lipsky (1980) kalla «street level bureaucracy».