Den første saka dei skal gi seg i kast med, er tilsetjinga av ny IT-direktør etter Lars Oftedal. Då søknadfristen gjekk ut, var det kome inn 32 søkjarar. Kven av dei det blir, får me svaret på etter at tilsetjinga er blitt gjort bak stengde dører førstkomande fredag.
Mellom søkjarane er underdirektør i IT-avdelinga Gard Olav Sundby Thomassen og Petter Møller frå Sykehuspartner som tidlegare har hatt leiarstillingar både i Statens forvaltningsteneste og i Departementas servicesenter.
Der skal dei også bestemma kven som får tildelt UiOs prisar for forsking, utdanning, formidling og innovasjon i 2023. Før Universitetsstyret opnar dørene skal dei dessutan diskutera ein revidert IPR-politikk for UiO. Utgangspunktet er ein rapport frå ei arbeidsgruppe som handlar om verkemiddel for auka kommersialisering av forskingsresultat ved UiO.
Skal ha revidert språkpolitikk klar i 2023
Første sak under den opne delen av møtet, handlar om ein ny språkpolitikk for UiO. Det blir vist til at UiO har eit parallellspråkleg arbeids- og st