Det er august og går fort mot skulestart, men hos Ragna Lid og Arnfinn Trøen er jordbærsesongen så vidt i gang. Her haustar dei jordbær fram til frosten blir for hard, vanlegvis i oktober.
Dalen mellom Dale og Voss er eit ynda fjellområde for mange fjellturistar. Her ligg nærmare 800 hytter, og mange stoppar for å kjøpe jordbær og grønsaker på Bergsdalsgarden.
- Me har godt bærsal ved vegen her. Det er ikkje dette salet som gir størst volum, men nettoen vår er best på dette, fortel Arnfinn Trøen.
Dei to byr på nyplukka jordbær ved vegen kvar dag, og leverer i tillegg til Bama og til nokre butikkar i nærområdet.
Ragna Lid og Arnfinn Trøen overtok garden etter foreldra hennar i 1987. Dei har mjølkeproduksjon i samdrift med naboen, 70 tonn, har 20 - 25 vinterfôra sauer og dyrkar ein del grønsaker på friland.
Men no er det jordbær for alle pengane, og det er her dei tener mest pengar. Dei har vald å satsa på sortane Polka og Bounty, den siste er vanlegvis ei veke seinare enn dei andre jo